Avansert søk


Leiar- og medarbeidarutvikling

Illustrasjonsbilde

Møre og Romsdal fylkeskommune vil arbeide systematisk for å utvikle seg som ein attraktiv arbeidsplass for alle tilsette uavhengig av alder.

Vi skal vere ein organisasjon med tydeleg kultur for læring, der leiarar og medarbeidarar viser vilje til kontinuerlig utvikling og refleksjon over eigen praksis. Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid er ein del av kjerneverksemda i Møre og Romsdal fylkeskommune, og er ein kontinuerlig prosess.

Leiarutviklingsprogram, leiaroppfølging, medarbeidar- og utviklingssamtalar, kompetanseplanlegging og kompetansetiltak er dei viktigaste virkemidla i utvikling av våre leiarar og medarbeidarar. Gode prosessar i samband med omstilling og endring vil vere mogleg å møte med systematisk utvikling av medarbeidarane.

Vårt arbeid med strategisk kompetansestyring  dekkjer ein heilskapleg prosess som fevner om kompetansestrategi, -kartlegging, -utvikling og ressursplanlegging

Leiarar med personalansvar skal kvart år gjennomføre "Kompetanse- og rekrutteringssjekken" før medarbeidar- og utviklingssamtalen med sine tilsette som grunnlag for medarbeidar- og virksomhetsutvikling.

Kontakt personalseksjonen for meir informasjon.

.

Samarbeidsorgan

handshake medalje

Møre og Romsdal fylkeskommune har medråderett som ein kjerneverdiane i sin arbeidsgivarpolitikk. Leiarar, tillitsvalde og tilsette skal samhandle om å tilby og utvikle best mogleg kvalitet på tenestene våre. Vi skal utvikle kompetente og myndige leiarar- og medarbeidarar. Tillitsvalte skal "inviterast inn i leiing" som utviklingspartnarar i arbeidsprosessar.

Bestille stillingsannonse

Stillingsannonsar
    Alle kunngjeringar og ledige stillingar blir no annonsert digitalt. Som ein standard annonserer vi via Facebook, denne annonseringa inneheld også annonsering på Instagram og diverse spel og apper.
    Hugs å publiser stillinga i VISMA. Kommunikasjonsseksjonen har ikkje tilgang til stillingar i Visma.
  1. For å nå aktuelle søkarar, må vi ha kunnskap om kven som er målgruppa.
    (Geografi, alder, utdanning osv.)
  2. Har du fleire stillingar så kan du gjerne sende desse i samme skjema.
  3. Ønsker du anna annonsering på nett? Spesifiser kvar du ønsker dette i feltet under.
  4. Sjå lenke til tidsskrifter i fagpressekatalogen i høgremargen
nav.no (gratis)
    Når fulltekst av utlysinga er publisert i Visma, er det avdelingssjef/rektor sitt ansvar at det blir sendt lenke til den aktuelle utlysinga i Visma til nav.no
    e-postadr: stilling@nav.no. Kommunikasjonsseksjonen sender ikkje til NAV.

Bestille kunngjeringsannonse

Kunngjeringsannonsar
    Alle kunngjeringar og ledige stillingar blir no annonsert digitalt. Som ein standard annonserer vi via Facebook, denne annonseringa inneheld også annonsering på Instagram og diverse spel og apper.
  1. E-postadresse for korrektur.
  2. dato.månad.år Eks: 01.01.13
  3. Lenke til kvar ein skal kome når ein klikkar på annonsa for å lese meir? (lenke til nettside)
  4. Det blir lettare for oss å nå målgruppa di dersom du sei litt om kven dei er. Geografi, alder osv.
  5. Om du har eit forslag til annonsetekst så kan den skrivast her. Denne teksten vil bli lagt til over sjølve annonsebilde når vi postar annonsa.
  6. Har du fleire stillingar som skal inn i samme annonse kan du gjerne sende desse i samme skjema. Samle då gjerne tekst som skal med i annonsa i ei tekstfil.

Kurs i ephorte oulook

Møremusikarane 2018

Møremusikarane 2018