4. Velferdspermisjon med heimel i Hovedtariffavtalen, som kan innvilgast med lønn etter søknad

Lov eller avtalegrunnlag:

  • HTA kap.1 § 14, 14.1 » Når viktige velferdsgrunner foreligger, kan arbeidstaker tilstås velferdspermisjon med lønn i inntil 12 arbeidsdager pr. kalenderår. Det kan avtales fleksibelt uttak av permisjonsdagene.
  Tema

Hovud-

tariffavtalen

Arbeidsmiljø-

loven

Kommentar
4 Velferdspermisjon Kap 1, §14, 14.1, 2. ledd  

HTA § 14, 14.1, 2. ledd

"Når viktige velferdsgrunner foreligger, kan arbeidstaker tilstås velferdspermisjon med lønn i inntil 12 arbeidsdager pr. kalenderår. Det kan avtales fleksibelt uttak av permisjonsdagene."

  Under er lista opp livshendingar/ situasjonar som kan, etter søknad, utløyse velferdspermisjon med lønn.      
4.1 Ved alvorleg sjukdom i nær familie – rett til permisjon etter AML utan rett til lønn.   § 12-10, 2. ledd

AML § 12-10, 2. ledd

«Arbeidstaker har rett til permisjon i 10 dager hvert kalenderår for å gi nødvendig omsorg til foreldre, ektefelle, samboer eller registret partner. Det samme gjelder for nødvendig omsorg for funksjonshemmet eller kronisk sykt barn fra og med kalenderåret etter at barnet fylte 18 år når arbeidstakeren har hatt slik omsorg for barnet som nevnt i §12-9, 3. ledd».

I slike høve kan velferdspermisjon med lønn bli innvilga etter søknad.

Døme på situasjonar kan vere:

  • Å følge gamle foreldre eller kronisk sjukt barn til lege, behandling eller liknande.
4.2 Dødsfall i nær familie    

Ved dødsfall i nær familie kan det, etter søknad bli gjeve fri inntil 3 dagar. (t.d dødsdagen, gravferdsdagen og når vedkomande blir engasjert med praktiske gjeremål i samband med dødsfallet)

Finn gravferda stad utanom distriktet, kan det i tillegg bli gjeve fri for nødvendige reisedagar mellom tenestestad/bustad og gravferdsstaden.

4.3 Vigsel     Arbeidstakar som gifter seg, kan få permisjon med lønn vigselsdagen.
4.4 Flytting    
  • Arbeidstakar som flyttar kan få fri med lønn ein dag. Det blir ikkje gjeve slik permisjon i oppseiingstida.
  • Flytting som er nødvendig for skifte av arbeidsstad hos ein og same arbeidsgivar kan gi velferdspermisjon etter denne paragrafen.
4.5 Tilvenning i barnehage og oppstart på skolen/SFO    

For første tilvenning i barnehage kan det innvilgast permisjon med lønn inntil 3 samanhengande dagar for barn under 3 år, og inntil 1 dag for barn frå 3 til 6 år, rekna frå det tidspunktet barnet tek til i barnehagen.

Ved skifte av barnehage kan det innvilgast permisjon i inntil 1 dag.

Permisjonen kan delast mellom foreldra og gjeld for den tida foreldra er til stades i barnehagen/skolen.

Når barn tek til på skolen/SFO, kan det gjevast permisjon med lønn inntil ein dag.

4.6 Konfirmasjon     Ved konfirmasjon av eige barn kan det gjevast permisjon med lønn konfirmasjonsdagen.
4.7 Religiøs høgtid   § 12-15 AML § 12-15 gir rett til slik permisjon, og arbeidsgivar kan innvilge velferdspermisjon med lønn for feiring av religiøse eller nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender.
4.8 Time hos lege, tannlege, fysioterapeut     Tilsette som skal til undersøking eller behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut skal legge fråveret til fritida. Dersom dette ikkje er mogleg, og fråveret ikkje fører til særleg ulempe eller utgifter til vikar, kan det i rimeleg omfang bli gjeve permisjon med lønn.