Avansert søk


Tilbod til vaksne

Karriere Møre og Romsdal er rådgjevartenesta for deg som er vaksen:

  • Rettleiing om utdanning og arbeid
  • Interessekartlegging
  • Råd i arbeidet med å skrive CV eller jobbsøknad
  • Råd til jobbintervjuet
  • Kurspakkar for privat og offentlig sektor

Er du over 25 år og ynskjer utdanning på vidaregåande nivå, kan du og ta kontakt med ressursenteret.

svgs018

Kafekrok med mennesker

Kafekrok med mennesker

HUSET

HUSET er eit koseleg lite hus I Sykkylven sentrum som opprinneleg var ein sykkelverkstad og butikk. Snart åtti år seinare flytta vi inn med ein ambisiøs visjon og store draumar om å skape ein unik møteplass mellom skulen vår og bygda – samstundes som vi får ein alternativ læringsarena for elevane ved skulen.

HUSET rommar mykje, og har mange funksjonar. I fyrste etasje har vi innreidd ein liten butikk og kafè der vi sel produkt som ungdomsbedrifter ved skulen har laga. Vi har ope i skuletida, og det er elevar som står bak disken og serverer dagens lunsj. Opningstidene fylgjer skuleruta og vi har stengt måndag og laurdag. Dei andre dagane har vi opne dører frå 10.00-14.30, og vi håper å sjå deg der!

I andre etasje har vi eit møterom og mange ekstra bord. Her kan elevar og andre samlast på kveldstid.

For å kome i kontakt med oss i butikken, ring 90 36 58 11.
Ynskjer du å leige HUSET, kontakt Liv Hole.