Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Søk Bulyst-midlar, skap trivsel

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyser ut 47 millionar kroner til bulystprosjekt i distrikta. Målet er å legge til rette for at kommunar vert meir attraktive å bu i og flytte til. Både kommunar, lag og organisasjonar kan søke om prosjektmidlar.

Rådgivar Eivind Ryste. Foto: Svein Magne Harnes/Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Departementet vil i år støtte gode tiltak for integrering av innflyttarar, kulturbasert stadsutvikling, ungdomstiltak, omdømmearbeid og nye løysingar for offentleg tenesteproduksjon, seier rådgivar Eivind Ryste i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bulyst-ordninga vart innført i fjor, og då fekk 35 prosjekt rundt i landet innvilga støtte. Eit av prosjekta som vart tilgodesett med 4 millionar kroner var “Naturgledekommunen Rauma”. Eit prosjekt i regi av Rauma kommune, der måla mellom anna er å få bygd opp Norsk Tindesenter, legge forholda betre til rette for innflyttarar med vidareutvikling av innflyttarkontoret og nettverket Ytterveggen, og utvikling av www.romsdal.com.

- Gjennom tildelinga i fjor, synte Rauma kommune at dersom ein har gode prosjekt kan ein få midlar til å realisere desse. Det er derfor viktig at dei som har gode prosjektidear til vekst og utvikling i lokalmiljøet er om seg, og utnyttar muligheita til å få finansiert prosjekta sine. Søknadsfristen for Bulyst-midlar 2011 er sett til 1. april, så det er god tid til å skrive gode prosjektsøknader, seier Ryste vidare.

Eit av kriteria for å få støtte til prosjekt, er at dei er forankra i lokale strategiar, og at det gjerne er samarbeid mellom fleire kommunar eller organisasjonar. Vidare bør prosjekta bør ha eit visst omfang, slik at dei kan tene som regionale og nasjonale fyrtårn innan utvikling av attraktive stader.

For meir informasjon om Bulyst-midlane sjå vedlagte brev til kommunane, lag og organisasjonar i Møre og Romsdal.

 

Comments