Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Reiselivskonferansen 2011 med spennande program

Arrangementsturisme og samspel mellom reiseliv og arrangement/festivalar er hovudtema på årets Reiselivskonferanse som går av stabelen i Molde 21.-22. mars. Under konferansen blir også Reiselivsprisen 2011 delt ut.

Møre og Romsdal har utvikla seg til å bli eit arrangement- og festivalfylke med eit stort og variert innhald. Årets Reiselivskonferansen set fokus på korleis vi kan bli enno flinkare med arrangementsturisme? Kan eit tettare samarbeid mellom arrangement/festivalar og reiselivsnæringa skape større attraktivitet og fleire besøkande?

-Med så mange spennande og arrangement og festivalar som vi har her i fylket, må vi bli flinkare til og sjå muligheitene. Vi ser at arrangementsturisme er eit lite utnytta potensiale i dag, og her er det gevinstar å hente både for arrangørar og reiselivsnæringa. Gjennom samarbeid vil ein kunne oppnå ein vinn-vinn situasjon, og større deltaking ved arrangement og festivalar, seier Lillian Sæther Sørheim i Møre og Romsdal Reiseliv. Ho meiner at ved å sette søkjelyset på dette temaet under Reiselivskonferansen, kan ein kanskje få inspirasjon og betre samarbeid mellom aktørane.    

- Vi har sett saman eit spennande og innhaldsrikt program, der vi har henta inn dyktige foredragshaldarar som har erfaring med arrangementsturisme, og som vil dele sine erfaringar med oss, seier Sørheim vidare.
 Som smakebitar frå programmet nemner ho:
 - Even Hegbom, ein reiselivsutviklar med solid erfaring. Han står mellom anna bak Målselv Fjellandsby, Voss Fjellandsby, Blånisseland og Snowman. Hegbom er ein gründer som ikkje berre tenker nye tankar – han set dei og ut i livet.
 - Tone Lien, dagleg leiar i Birkebeinerittet. Birken samlar kvart år ca. 60 000 deltakarar og er ein av verdens største arrangørar av masseidrettsarrangement. Arrangementa omset i år for vel 85 millionar, med deltakarar frå heile verden. Hotell på Lillehammer og Rena er fullbooka minimum eit år før arrangementet. Kva kan vi lære av det Birken har gjort?
- Aktivitets- og opplevingsfylke Møre og Romsdal – vi får ein smakebit av kva vi har å by på av opplevingar og festivalar.
I tillegg vil mellom andre Kristian Jørgensen frå Fjord Norge, Ole Skalpe frå Handelshøyskolen BI, Erik W. Jakobsen frå Norges Handelshøyskole, Carl Morten Amundsen frå Teatret Vårt, og representantar frå dei to fotballklubbane MFK og ÅFK vere med i programmet.

Reiselivsprisen
Under reiselivskonferansen blir "Årets Reiselivspris 2011" overrekt. - Formålet med prisen er mellom anna og synleggjere reiselivsnæringa og kva denne betyr for Møre og Romsdal. Det er kome inn heile 15 forslag på gode kandidatar. – Det har blitt ein tradisjon og dele ut prisen under middagen, og i år blir kveldsarrangementet ei litt spesiell oppleving. Vi tek med oss konferansedeltakarane til kalkgruvene på Eide, der det ventar både omvising, middag og overraskingar. Eit høgdepunkt både for deltakarar og oss som arrangørar, fortel Sørheim vidare.  
 
Arrangør
Det er Møre og Romsdal Reiseliv som er arrangør av Reiselivskonferansen. Møre og Romsdal Reiseliv er ein paraplyorganisasjon for dei fire destinasjonsselskapa i fylket, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fjord1 MRF og NHO Reiseliv Midt-Norge er også medlemmer. Møre og Romsdal Reiseliv har eit årleg budsjett på om lag 4 millionar kroner.

Reiselivskonferansen blir arrangert måndag 21. og tirsdag 22. mars i Molde. – Vi er rause med påmeldingsfristen også i år, så det er framleis muleg for interesserte å melde seg på, avsluttar Sørheim.  

 

Kontakt:
Lillian Sæther Sørheim, mob: 952 80 603
Arne Aambak, mob: 934 80 859