Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Ønskjer kandidatar til ”ÅRETS REISELIVSPRIS”

Møre og Romsdal Reiseliv inviterer bedrifter, organisasjonar, kommunar, privat personar med fleire til å kome med forslag på aktuelle kandidatar til ”Årets Reiselivspris”.

Føremålet med prisen er å synleggjere reiselivsnæringa og kva den betyr for Møre og Romsdal.
 Prisen kan tildelast ei bedrift, eit samarbeid mellom bedrifter eller enkeltpersonar som har vore kreative og nyskapande, og/eller er med på å marknadsføre Møre og Romsdal som eit spennande reisemål. Prisen vart første gong delt ut i 2007.
  
 Tidlegare prisvinnarar:
 2007 -  Per Arne Vestavik
 2008 -  Classic Norway
 2009 -  Hotel Union v/ Monja og Sindre Mjelva
 2010 -  Norsk Fjellfestival
  
 Reiselivsprisen blir delt ut på Møre og Romsdal Reiseliv sin årlige konferanse som i år går av stabelen 21.-22. mars i Molde.

Kriteria for "Årets Reiselivspris" kan du lese her:

 

Frist for innsending av forslag: Fredag 25. februar 2011

Forslag på kandidatar til "Årets Reiselivspris" skal sendast til:
Møre og Romsdal Reiseliv,
 v/ Lillian Sæther Sørheim, Fylkeshuset ,6404 Molde
 eller på e-post til:  
 lillian.sorheim@mrfylke.no