Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Møre og Romsdal profilert på Grüne Woche 2011

Verdsarv, kulturlandskap og gode matopplevingar langs dei nasjonale turistvegane var tema for profileringa av Møre og Romsdal på Grüne Woche i Berlin, sist veke. Grüne Woche – er ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv.

Møre og Romsdal var i 2010 for første gong representert på Grüne Woche med ein felles overbygning – Explore the Top of Fjord Norway. Grüne Woche er primære ei matmesse, men også ein utmerkt arena til å profilere Møre og Romsdal som reisemål. Messa hadde nær 400.000 tusen besøkande og ca 1600 utstillarar frå 60 land, og omlag 4000 journalistar besøkte messa. Det er Landbruks- og matdepartementet som står bak den norske deltakinga med mellom anna Innovasjon Norge og Norges ambassade i Berlin som sentrale samarbeidspartar.
- Med dei gode erfaringane vi hausta etter deltakinga i fjor, var det eit ønskje om at vi også i år kunne få til ein felles stand på Grüne Woche, med profilering av fylket som reisemål, seier Lillian Sæther Sørheim, rådgivar i fylkeskommunen.  

På standen var det lagt opp til å profilere ei rundreise gjennom fylket med utgangspunkt i dei to strekningane som er prioritert til å få status som Nasjonal Turistveg. Møre og Romsdal var samla under paraplyen “Explore the Top of Fjord Norway”, som også blir nytta på den internasjonale marknaden i reiselivssamanheng. Møre og Romsdal sin stand var sett saman av svært gode representantar / “ambassadørar” både innan mat og reiseliv.

- Utnytting av lokal mat i reiselivssamanheng er viktig og også ein viktig del av aktivitets- og opplevingsfylket Møre og Romsdal. Grüne Woche er ei stor matmesse og ein flott arena å profilere lokale matvarer og samtidig profilere Møre og Romsdal som reisemål på den tyske marknaden, seier Sørheim vidare. Ho er glad for at fylkeskommunen kan vere med å bidra til at slike tiltak vert realisert både økonomisk og i planleggingsfasen.

Vertskap for Møre og Romsdal sin stand var:
Kirsti Indreeide Dale (prosjektleiar)
Margrethe og Bjarne Rekkedal frå Rekkedal Gjestehus.
Bengt Dahlberg frå Geiranger Sjokolade AS.
Ola Ulseth frå Øre Vilt.
Torunn Dyrkorn frå Destinasjon Molde og Romsdal.
Eystein Oppdøl frå Renndølssetra, Innerdalen.
Othild og Asbjørn Tjugen frå Derinngarden.
Kokk på standen var kjøkkensjef Jan Roger Blø frå Molde Fjordstuer, Classic Norway.

Stemningsbilete frå Møre og Romsdal sin stand på Grüne Woche:

Explore the Top of Fjord Norway
Othild og Kirsti