Gjøco AS ”Årets Bedrift 2010” i Møre og Romsdal

Fylkesprisen for Årets Bedrift 2010 vert tildelt Gjøco AS i Gjemnes kommune. Det vedtok nærings- og miljøutvalet på møte i dag, tysdag 8. mars. Prisen blir delt ut på fylkestinget i april.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det mellom anna:

Gjøco AS er ei bedrift som oppfyller dei kriteria som er sett for fylkesprisen på ein god måte. Gjøco AS er ein viktig arbeidsplass og ei hjørnesteinsbedrift i Gjemnes kommune. Som den einaste i sitt slag i Møre og Romsdal, har bedrifta utvikla seg til å bli den nest største malingsprodusenten i Norge. Utvikling av nye miljøvenlege produkt og aktiv marknadsføring bidreg til at Gjøco AS er med på å skape ei breidde i industrimiljøet i fylket. Med ein tydeleg miljøprofil og kvalitetsprodukt tek Gjøco AS ein stadig ein større del av den norske marknaden. Med eksport til Sverige og Danmark, er dei med på å styrke Møre og Romsdal som eksportfylke.

 - Det kom inn forslag på i alt 14 bedrifter, og fleire av desse var sterke kandidatar til fylkesprisen, seier leiar av nærings- og miljøutvalet Asbjørn Rutgerson. Han meiner at Gjøco AS er ein verdig mottakar av utmerkinga Årets Bedrift 2010.  – Gjøco AS er ei spennande bedrift som har hatt ei god utvikling dei siste åra. Som ein av få malingsprodusentar i landet, og den einaste i fylket, er Gjøco AS ei viktig bedrift. Med lokalisering i Torvikbukt, har familien Gjøen gjennom si offensive satsing, synt at det muleg å bygge opp ei vekstbedrift i distriktet, seier Rutgerson.

Møre og Romsdal fylkeskommune oppretta ”Fylkespris for Årets Bedrift” i 1991. Prisen skal delast ut kvart år til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har merkt seg ut. Føremålet med prisen er at den skal vere eit bidrag til å motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet. ”Fylkesprisen for Årets Bedrift 2010” blir delt ut under fylkestinget i april.

Kontaktpersonar:
Leiar i nærings-og miljøutvalet Asbjørn Rutgerson, tlf. 915 83 505
Ass. regional- og næringssjef Frank Madsøy, 971 71 493