Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Fleire realiserer gründerdraumen i Møre og Romsdal

Ferske tal frå SSB syner at talet på nyetableringar i Møre og Romsdal har auka med 12,4 % siste året, og plasserer fylket på ein sterk fjerdeplass i den fylkesvisestatistikken for 2010. – Dette er svært gledelege tal, og viser at fleire tør å realisere gründerdraumen, seier hoppid.no rådgivar May-Britt Roald i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

- "Vi er veldig fornøgde med at stadig fleire ser muligheitene og tør satse. Vi er klare til å hjelpe dei som ønskjer å hoppe i det, seier May-Britt Roald hoppid.no- kontakt i Møre og Romsdal fylkeskommune og Therese Jemtegård Moen, lokal hoppid.no-kontakt i Stordal”

- Fleire og betre nyetableringar har vore målet til programsatsinga hoppid.no i Møre og Romsdal. Tala som no ligg føre, syner at vi er på rett veg, seier Roald vidare. Ho er svært nøgd med den positive utviklinga ein kan lese ut av statistikken.

Stordal kommune – med sterkast vekst
Tala frå SSB syner at det i 2010 vart det etablert 1979 nye bedrifter i Møre og Romsdal, ein vekst på 219 fleire enn året før. Det er ikkje uventa at det er i bykommunane ein ser den sterkaste veksten, med Ålesund på topp med 390 etableringar, Molde med 233 etableringar og Kristiansund med 192 etableringar. Ser ein det i forhold til folketalet (per 1000 innbyggjar) er det imidlertid Stordal kommune som har den sterkaste veksten, fulgt av kommunane Vestnes og Midsund.

Større overlevingsgrad
Den mest kritiske perioden i ei bedriftsetablering er i løpet av dei fem første åra. Bedrifter som overlever denne fasa, har skaffa seg eit solid og godt utgangpunkt for vidare vekst. Statistikken syner at Møre og Romsdal ligg godt over landsgjennomsnittet også her.
Når det gjeld organisasjonsform, ser ein at det i Møre og Romsdal framleis vert etablert flest enkeltmannsforetak – 52 % i 2010, men ein ser ei gradvis auke mot fleire aksjeselskapsetableringar.  

Fleire unge hoppar i det
Tal på unge etablerarar har hatt vekst dei siste åra. Ser ein attende til 2006, var omlag 20 % av dei som etablerte bedrift mellom 18 og 35 år. I 2010 har talet på nyetablerarar i den aldersgruppa auka til 33 %, det vil seie at kvar tredje bedriftsetablering vert gjort av ein ung etablerer.

Roald trur at dei positive tala kan skuldast at ein gjennom hoppid.no har danna ein infrastruktur som gjer det lettare for nyetablerarar å vite kor dei skal gå for å få hjelp i ei startfase. På det lokale hoppid.no-kontoret får dei tilbod om rettleiing, og kontoret har ei rolle som døropnar inn mot både Innovasjon Norge, kunnskapsparkane og næringshagane i fylket.
hoppid.no tilbyr og ulike kurs i etableringsfasa, og kan gi økonomisk støtte i ein startsfase.

-Samarbeidet mellom kommunane, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom hoppid.no, har ført til at etablerarar møter ei sertifisert og kvalifisert rådgivingsteneste lokalt. Fordelen med dette er at etablerarar får hjelp og rettleiing i eiga kommune, og at hoppid.no-kontakta har kopling mot det lokale næringsliv, seier Roald vidare.

Tre nye hoppid.no-kontor
I tillegg til at Eide kommune opna hoppid.no-kontor i går, fortel ho at det i løpet av våren vil bli opna tre nye hoppid.no-kontor. 25 hoppid.no-kontor er allereie i drift rundt i kommunane. - Det er så kjekt at vi har fått så mange kommunar med i partnarskapet. Det viser at det å ha eit lokalt hoppid.no-kontor med dyktige rådgivarar er viktig for lokal næringsutvikling. Vi kjem til å halde fram med å legge til rette for og støtte opp om nyetableringar også framover. Vi ser at det er vegen å gå for at Møre og Romsdal igjen skal ta posisjon som gründerfylke, avsluttar Roald.  

Fakta om hoppid.no:

  • Eit partnarskap mellom kommunane, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune, starta opp i 2006. Det er i dag 32 kommunar som er med i partnarskapet
  • Målet er å vere ei dør inn til virkemiddelapparatet for nyetablerarar. På eit lokalt hoppid.no-kontor skal nyetablerarar få kvalifisert og god rettleiing i startfasen.
  • Nyetablerarar får gjennom hoppid.no tilbod om etablerarkurs, økonomisk støtte i startfasa, og kopling mot aktuelle samarbeidspartar.