Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Bulyst 2011 - 47 millionar til gode prosjekt

Kommunal og regionaldepartementet inviterer kommunar og lag og organisasjonar til å søke om pengar til prosjekt som skal skape bulyst i distrikta. Det skal i år konkurrerast om ein pott på 47 millionar på landsbasis. Send søknad til fylkeskommunen innan 01. april 2011.

Departementet vil i år støtte gode tiltak for integrering av innflyttarar, kulturbasert stadsutvikling, ungdomstiltak, omdømmearbeid og nye løysingar for offentleg tenesteproduksjon. Det er viktig at prosjekta er forankra i lokale strategiar, og at det gjerne er samarbeid mellom fleire kommunar eller organisasjonar. Prosjekta bør ha eit visst omfang, slik at dei kan tene som regionale og nasjonale fyrtårn innan utvikling av attraktive stader.

Meir informasjon om Bolyst 2011 finn du her: