Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

42 millionar kroner til forsking i Midt-Norge – svært god uttelling for Møre og Romsdal

Regionalt forskningsfond Midt-Norge innvilga før helga støtte til 41 forskingsprosjekt, med samla støttebeløp i overkant av 42 millionar kroner.

Med denne støtta bidrar fondet til at det blir sett igang forskingsprosjekt i regionen med eit samla budsjett på over 130 millionar kroner. Prosjekta er forventa å gi betydeleg innovasjonseffekt for næringsliv, FoU-miljø og offentleg sektor i Midt-Norge. Det er klare kvalitetskriterier som avgjer tildeling av støtte frå Regionalt forskningsfond Midt-Norge.

Møre og Romsdal
Heile 19 prosjekt frå fylket har fått støtte på til saman 18,8 mill kroner. Dette utløyser forskingsprosjekt på totalt 62,5 mill. kroner.  I tillegg er bedrifter og forskingsinstitusjonar i Møre og Romsdal også med som samarbeidspartar i andre prosjekt som har fått støtte på 9,8 mill kroner.    

Prosjekta som har fått støtte er av høg kvalitet, og vi gler oss til å sjå resultata av forskinga seier styreleiar Bergljot Landstad.  Tilgangen på kvalitativt gode søknader inneber at vi har fått etablert forskingsaktivitet innan alle dei fem innsatsområda til Regionalt forskningsfond Midt-Norge, seier Landstad vidare.

Fordelinga av støtte på dei fem innsatsområda er:
·   Marin sektor – 10,8 mill. kroner
·   Maritim sektor – 11,7 mill. kroner
·   Verdikjede mat – 9,2 mill. kroner
·   Fornybar energi og miljøteknologi – 8,2 mill. kroner
·   Innovasjon i offentlig sektor – 2,5 mill kroner

Forskingssamarbeid på tvers av fylkesgrenser
Regionalt forskningsfond Midt-Norge hadde første utlysning av forskingsmidlar hausten 2010. Responsen frå næringsliv, offentleg sektor og FoU-institusjonar i Midt-Norge var stor, og fondet mottok i alt 109 søknader. Styret synest det er positivt at mange av prosjekta er samarbeidsprosjekt  i regionen på tvers av fylkesgrensene. Regionalt forskingsfond Midt-Norge dekker fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. 

Oversikt over bedrifter/insitusjonar frå Mrøe og Romsdal som har fått støtte frå forskningsfondet finn du her:

 

Litt bakgrunn om Regionale forskningsfond:
Regionale forskningsfond er eit nytt verktøy for regional forsking, vedteke av Stortinget, og etablert i 2010.  Det er etablert sju regionale forskingsfond i landet.  Regionalt forskningsfond Midt-Norge dekker fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.  Målet med Regionale forskningsfond er å
-   mobilisere til auka FoU-innsats
-   styrke regionalt relevant forsking for innovasjon og utvikling
-   bidra til auka forskingskvalitet og utvikling av gode og konkurransedyktige FoU-miljø
-   bidra til tett samspel mellom aktivitetar i regionane, nasjonale og internasjonale program og aktivitetar.

For meir informasjon om Regionalt forskingsfond Midt-Norge og tildelinga, sjå www.regionaleforskningsfond.no