Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

15 nominert til fylkesprisen “Årets Bedrift 2010”

- Vi har fått inn gode forslag på bedrifter som fortener prisen, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Då fristen gjekk ut 1. februar var det kome inn 15 forslag på 14 kandidatar til fylkesprisen “Årets Bedrift 2010”. 

Desse er:
•           Skog-kompaniet AS
•           Vestbase AS
•           Classic Norway AS
•           Hustadmarmor AS
•           Bjørnsund Leirskole
•           MøreNot AS
•           Kleven Maritime AS
•           Sibelco Nordic AS, avd. Åheim
•           Jets AS
•           Stranda Prolog AS
•           STX OWSV AS
•           Marin Teknikk AS
•           Rolls-Royce Marine
•           Gjøco AS

Arbeidet med å gå igjennom og vurdere forslaga er no i gong. Nærings- og miljøutvalet avgjer  kva bedrift som vert tildelt utmerkinga 8.mars. Utdelinga av prisen skjer på fylkestinget i april.

Årets bedrift skal vurderast etter følgjande kriterium:
• Bedriftsøkonomisk vurdering
• Organisasjon, personalpolitikk og bedriftsleiing
• Profilering
• Framtidsretta og miljøvenleg produksjon
• Produktutvikling og marknadsføring
• Satsing på nye og miljøvenlege produkt
• Internasjonalisering
• Betyding for lokalsamfunnet og for industrimiljøet i fylket
• Trivsel og godt miljø på arbeidsplassen.

Fylkesprisen Årets Bedrift vart oppretta i 1991, blir kvart år delt ut til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har merka seg ut. Føremålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivsbedrifter i fylket til innsats for samfunnet.