Kontaktpersonar

Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. +4798611002
Send e-post

Dokument

Folketalsutvikling 2010 x
PDF-dokument - 73,89 kB
Folketalsutvikling2010 per kommune x
PDF-dokument - 801,56 kB

Den rekordhøge folketilveksten held fram

For andre året på rad sett Møre og Romsdal ny rekord i nyare tid når det gjeld folketalsauke. I løpet av 2010 auka folketalet med 2 642 personar. Det tilsvarar ein vekst på 1,1 prosent.

Kart som viser folketilveksten i Møre og Romsdal i 2010

Møre og Romsdal kjem på ein 11. plass av fylka i landet i prosentvis auke, og ein 8. plass om ein ser auka i absolutte tal. Høgst auke hadde Oslo, både i absolutte tal (12 370) og prosentvis (2,1).

Dei siste åra har ein sett ei kraftig auke i innflytting frå utlandet til Møre og Romsdal. I 2010 var innflyttinga frå utlandet på 3 820 personar, noko som er ny rekord. Utflyttinga til utlandet auka samstundes kraftig. Med ei samla utflytting til utlandet på 1 037 personar har utflyttinga til utlandet auka med om lag 60 prosent frå året før. Om ein berre ser på innlandsk inn- og utflytting er balansen negativ for Møre og Romsdal. Medan 3 860 flytta til Møre og Romsdal får ein annan stad i Noreg, flytta det 4 562 personar ut, og med det hadde fylket eit flyttetap på –702 personar innanlands.

Om ein held innflytting frå utlandet utanfor rekneskapet måtte fødselsoverskotet i fylket blitt like høgt eller høgare enn det innlandske flyttetapet om fylket skulle vekse. Fødselsoverskotet (fødde minus døde) var på 561 personar for Møre og Romsdal i 2010. Med andre ord ville fylket opplevd ein nedgang i folketalet på 141 personar eller 0,05 prosent.

Ser ein på kommunane i fylket var det i 23 av dei ei folketalsauke i 2010, medan det var ein nedgang i folketal i 12 kommunar og uendra i ein (sjå kart). Den høgaste prosentvise auka såg ein i Sande, med 4,2 prosent, etterfølgt av Ulstein (3,9 prosent) og Skodje (3,4 prosent).  Den høgste veksten i absolutte tal fann ein ikkje overraskande i byane. Øvst trona Ålesund med ein auke på 688 personar, etterfølgt av Kristiansund 332 personar og Molde med 294 personar (hakk i hel følgjer Ulstein med 290 personar).  Byane stod for 50 (49,7) prosent av folketalsauka i fylket, men det er dei mindre kommunane som har den sterkaste veksten i prosent, særleg på Sunnmøre. 

Av dei 23 kommunane med folketalsvekst ligg 13 på Sunnmøre, 4 i Romsdal og 7 på Nordmøre, følgjeleg var det folketap i 4 kommunar på Sunnmøre, 3 i Romsdal (Vestnes uendra) og  5 på Nordmøre.