Søknad om Kulturlaug 2011/2012

Bestillingsfrist for kulturlauget neste skuleår var 21.3.2011.  Alle fekk svar innan 1.5 om kva slags Kulturlaugstilbod de får for kommande skoleår.
 

Komposisjonsverkstad med Møremusikarane er eit av tilboda i Kulturlauget

Det er mogleg å nytte av dei lokale Kultursekkmidlane som kvar kommune får til å bestille tilbod frå Kulturlauget. Frist for kommunane til å levere plan for bruk av desse midlane er 1.6.Ved å få vite 1.5 kva skolane får frå Kulturluaget burde det vere mogleg å sjå ting i samanhang.
NB! Unntaket for dette er tilbodet Ut-i-sekken som de vil få eigen info om seinare med eige påmeldingsskjema. De kan heller ikkje nytte av kommunemidlane frå Kultursekken til å bestille frå Ut-i-sekken.

Her er ei oversikt over tilboda som de kan bestille:

  • Digital teikning, Frost media - 5. - 7.trinn
  • Hiphop/streetdanceverkstad, Circle - 1. - 10.trinn
  • Komposisjonsverkstad, Møremusikarane - 8. - 10.trinn
  • Dokumentarfilmverkstad, Frost media - 9. - 10.trinn
  • "Det blå egget" - teaterverkstad, Olla Rypdal - 1. - 4.trinn
  • "Heilt grønn" - filmverkstad, Tagline media - 8. - 10.trinn
  • Folkemusikk- og folkedansverkstad, Åkerfallskolen - 5. - 10.trinn
  • Teatersport, Spillebrikkene - 8. - 10.trinn
  • "Ofelias skyggeteater" - teaterverkstad, Olla Rypdal - 5. - 7.trinn
  • Rapverkstad, Son of light og Petter Langfeldt - 8. - 10.trinn
  • Animasjon for dei minste, Kine Aune og Linda Winterwold - 1. - 4.trinn
  • "Spøkelseshuset" - skrive-/historieverkstad, Olla Rypdal - 5. - 7.trinn
  • Minnefinnekurs - kulturarvprosjekt, arkeolog/kulturvernkonsulent Kulturavdeling - 9. - 10.trinn

Meir detaljert informasjon om det enkelte tilbodet finn de på www.kultursekken.no. Klikk på "Alle produksjonar" nederst til venstre på startsida - på sida som no kjem opp går de til kategorien "Anna" i venstre marg - då vil alle Kulturlaugsproduksjonane komme fram i ei liste. Kvar produksjon er klikkbar og inneheld meir info om antall elevar pr verkstad, pris, varigheit, innhald og gjennomføring. Det er svært viktig at de studerer denne informasjonen nøye før de bestiller frå Kulturlauget.

BESTILLINGA ER BINDANDE!

 Vi vil levere tilbod så langt som dei økonomiske rammene tillet det, og vi vonar at alle skal få så mykje som mogleg av det de søkjer på. Vi må likevel ta atterhald om at vi i nokre høve må dele opp søknadane slik at ikkje alle får alt.
 
Ta kontakt om noko er uklart!