Fravær

Alt fravær skal føres på vitnemål og kompetansebevis, jamfør Forskrift til Opplæringslova § 3-47, 1. ledd.

Prosedyre ved fravær:

  • Ved sykdom varsles kontaktlærer umiddelbart, gjerne via SMS om morgenen, ved fraværets første dag.
  • Lærere fører alt fravær fortløpende i SkoleArena, i samsvar med § 3-47, første ledd.
  • Skriftlig melding (regnes som gyldig dokumentasjon) leveres kontaktlærer umiddelbart etter at eleven kommet tilbake til skolen. (For at melding skal være gyldig må foresatte signere for elever som ikke har fylt 18 år).
  • Dersom det søkes om fradrag av fravær på vitnemålet med bakgrunn i sykdom, må dette dokumenteres med legeerklæring. Merk at det er spesielle regler for dette (se forskrift til Opplæringsloven § 3-47)
  • Ved planlagt fravær skal egenmelding leveres på forhånd. Dersom eleven ønsker fraværet inn under 10-dagerssregelen må det sendes søknad om dette til avdelingsleder.
  • Kontaktlærer samler på egenmeldingene og fører fortløpende regnskap med fraværet.

Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Lovtekst: § 3-47. Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

  • Helse- og velferdsgrunnar
  • Arbeid som tillitsvald
  • Politisk arbeid
  • Hjelpearbeid
  • Lovpålagt oppmøte
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter pkt 1 ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter pkt 1 på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.