Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post
Svein A Roseth Svein A Roseth
Fylkesvaraordførar
71 25 87 34
Send e-post

Uttale om Stad skipstunnel

Fylkesutvalet har vedteke denne uttala om Stad skipstunnel:

Stad Skipstunnel

Fylkestinget i Møre og Romsdal har handsama bygging av Stad skipstunnel ved fleire høve, og gjennom ei rekke år. Fylkestinget har etterlyst framdrifta for å bygge ein skipstunnel gjennom Stad, men har stadig vorte møtt med nye utgreiingar. Bakgrunnen for dette var informasjon om den nye konseptvalutgreiinga frå Kystverket.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal peikar på at fylkestinget heile tida har meint at prosjektet Stad skipstunnel kan ha ein positiv samfunnsnytte. Dette prosjektet har ringverknader utover  framkome og tryggleik for dei største skipa som passerar Stad.  Ein må sjå på all sjøtrafikk samt ringverknadane denne trafikken har for regionen, dvs ei heilskapleg vurdering av prosjektet.

Ein slik tunnel vil vere avgjerande for tryggleiken til sjøs. Dette er underbygt både av fiskarorganisasjonar, Hurtigrutekapteinar og andre sjøfarande aktørar.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har tidlegare hevda at Stad skipstunnel er viktig mtp:

  • Sikre persontrafikk sjøvegen mellom Stavanger - Bergen og Trondheim .
  • Auka kollektivtrafikk til sjøs.
  • Sikre vareleveransar – ikkje minst ferskvare forbi Stad- gods frå land til sjø
  • Moglegheiter for fiskeleveransar frå område nord for Stad
  • Tryggleik for mindre person- og vareskip i dårleg vèr, samt redusert ventetid.
  • Stad skipstunnel som reiselivsprodukt, auka reseliv på Vestlandet
  • Knyte Møre og Romsdal tettare til Sør-Norge når det gjeld fritidsbåttrafikken.
  • Internasjonalt perspektiv på auka sjøtryggleik, jfr. Hurtigruta.

Fylkesutvalet vil i tillegg peike på føringane i Nasjonal Transportplan 2010- 2019 der det under Farledsprosjekt Sør-Norge er lagt til grunn oppstart/gjennomføring i siste del av planperioden 2014-2019.

Som svar på ei rekkje spørsmål i Stortinget omkring Stad Skipstunnel, har Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen peika på St. meld. nr. 16 (2008-2009) NTP 2010-2019 og lagt vekt på at arbeidet er forseinka, men at kvalitetssikringa KS1) skal bli ferdig i 2011. Fiskeri- og kystministeren har vidare sagt; “Dette betyr at arbeidet framleis er i rute i forhold til tidsplan skissert i St. meld. nr 16 (2008-2009) NTP 2010-2019. I Nasjonal Transportplan 2010-2019 er det vist til at regjeringa vil ta stilling til prosjektet og vidare planlegging med utgangspunkt i konklusjonane frå nemnde kvalitetssikring. Prosjektet vil bli vurdert for eventuell oppstaret mot slutten av perioden.» (Stortinget 26.5.2010 svar til Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane)

Ein viser elles til Statsbudsjett for 2008 med omtale av Stad Skipstunnel med bevilgning på kr 5 mill til vidare arbeide med prosjektet. (lagt ved denne teksten)

 Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil med dette understreke at det er brukt altfor mange år med utgreiingar, og at det no er tid for realisering av Stad Skipstunnel som eit nasjonalt og internasjonalt prosjekt. Både investering og drift av Stad skipstunnel må vere ei nasjonal oppgåve for sjøfartsnasjonen, som vi likar å kalle oss i mange samanhengar.

Fylkesutalet i Møre og Romsdal krev at saka snarast blir klargjort for handsaming i Stortinget.

Vedlegg: utdrag frå St. prp. nr. 1 (2007-2008):

Programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning
Programkategori 16.10 Administrasjon
Stad skipstunnel

I 2001 ble det ferdigstilt et forprosjekt for en skipstunnel gjennom Stad, og en konsekvensutredning ble sendt på høring. Det har senere vært orientert om Stad skipstunnel i St.prp. nr. 1 for Fiskeri- og kystdepartementet de påfølgende år.

Ved Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2005 ble det vedtatt en bevilgning på 5 mill. kroner til Kystverkets videre arbeid med Stad skipstunnel, med sikte på å få klarlagt grunnlaget for en eventuell anbudsinnhenting. For å få et bredest mulig grunnlag for vurdering av prosjektet, ble det i St.prp. nr. 1 (2005-2006) orientert om at Fiskeri- og kystdepartementet ville be Kystverket om følgende:

  • En oppdatert kostnadsanalyse
  • En vurdering av inntektspotensialet for Stad skipstunnel
  • En vurdering av organisasjonsform, herunder offentlig-privat samarbeid (OPS-løsning).

Kostnadsoverslaget for utbygging er indeksjustert til 2005-priser. Dette gir et kostnadsoverslag på 1,14 mrd. kroner. Anslag for vedlikeholdskostnader er oppjustert, slik at samlet anslag for driftsutgifter er økt fra 2,5 mill. kroner til 5,0 mill. kroner (2005-priser).

I ettertid har det blitt reist nye spørsmål tilknyttet prosjektet, bl.a. fra prosjektgruppen med fylkesordførerne i Møre og Romsdal og Sogn og Fjord­ane i spissen. Regjeringen har derfor besluttet å igangsette nye utredninger. På denne bakgrunn har Fiskeri- og kystdepartementet gitt Kystverket i oppdrag å foreta en ny utredning om Stad skipstunnel, med hensyn til tunnelens størrelse og nytteverdi. 

Det foreliggende prosjektet for Stad skipstunnel er lokalisert der halvøya på Stadlandet er smalest, mellom Kjødepollen og Moldefjorden. Skipstunnelen har hittil blitt planlagt for fartøyer opp til 5000 bruttotonn. De nye utredningene vil i tillegg utrede en løsning der skip på størrelse med hurtigrutefartøyet Midnattssol, som er i overkant 16 000 bruttotonn, vil kunne passere gjennom tunnelen. Utredningene skal klarlegge konsekvensene ved de ulike tunneldimensjonene, herunder nye kostnadsoverslag, nautiske spørsmål og samfunnsøkonomiske virkninger.

Regjeringen vil tidligst kunne orientere Stortinget om prosjektet i 2009.