Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post

Kysten treng Stad skipstunnel

Ved leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt.

Havstrekninga ved Stad er eit særs krevjande område langs Norskekysten. Som leiar i Vestlandsrådet registrerer eg eit opprør langs kysten, og eit veksande krav frå Vestlandet om at saka om Stad skipstunnel snarleg må bli endeleg avgjort i Stortinget. Vi må få sleppe å gå lenger no utan å vite skjebnen for dette viktige tiltaket på kysten vår!

Vestlandsrådet, som består av fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, har fleire gonger diskutert saka knytta til Stad skipstunnel. Rådet har først og fremst peika den generelle samfunnsnytta Stad skipstunnel får, korleis tunnelen vil gje betre tryggleik langs kysten, og den miljøgevinsten som ligg i ei realisering.

For meg er det avgjerande å få fram at Vestlandet står samla bak dette kravet. Sett i eit større Vestlandsperspektiv, er det avgjerande at vi sikrar trygge og effektive transportkorridorar. Vestlandet treng ein tilfredsstillande infrastruktur i framtida. Det er viktig at vi skal kunne ta vare på og forvalte naturressursane våre. Spørsmålet om tunnel betyr noko for fleire næringar. For Vestlandet er ikkje bare olje og gass. Nye berekningar viser at maritime og marine næringar på Vestlandet har ein omsetnad på heile 250 mrd kroner, noko som tilsvarer 10% av BNP. Er det nokon som veit at 99% av alle fiskefartøy blir laga på Vestlandet? Verdsskapinga innan desse næringane er på nærmare 70 mrd kroner – årleg! Og dette er utan å ta med olje og gassverksemda, som har ei verdiskaping på over 400 mrd på nasjonalt nivå.

Stad skipstunnel må derfor sjåast i en større samanheng. I eit slikt større bilete er realisering av Stad skipstunnel derfor òg avgjerande både for lokal og regional næringsutvikling og for å sikre busetnaden. Eg har fokus på dei muligheiter vi har på Vestlandet med våre eineståande naturressursar. Men då må vi som politikarar vere med å legge til rette for å forvalte desse ressursane. For ikkje å gløyme at tunnelen òg vil kunne bidra til endå ei næring. Det ligg nemleg mykje spennande reiselivspotensiale i ein konstruksjon som Stad skipstunnel vil vere. Verdiane av dette er det vanskeleg å estimere, vi kan berre ane kva som er mogeleg.

Eg registrerer at Kystverket har kome med ei ny grunngjeving og er i mot Stad skipstunnel. Eg kjenner også til at leiaren i transport- og kommunikasjonskommiteen på Stortinget, Knut Arild Hareide, har vanskar med å akseptere denne grunngjevinga. For meg er dette ei viktig politisk sak, som ikkje berre handlar om Vestlandet. Stad skipstunnel handlar også om å gje Vestlandet muligheiter, både nasjonalt og internasjonalt.  Vestlandsrådet meiner at saka er tilfredsstillande utgreidd. Det er nå på tide at Stad skipstunnel blir endelig behandla i Stortinget. Eg skal gjer mitt for å bidra til det!  

Meir informasjon:
Leiar av Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt, tlf 97 19 92 33
Trond Ueland, sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, tlf 91 33 74 10