Vilje til vekst

Likestillingsutvalet i Møre og Romsdal, samt Tausaløftet i Norddal inviterar til konferanse med skjemt og alvor i Valldal 5. april.

Last ned programmet til konferansen nederst på denne sida.

Kommunane i fylket vårt har følgjande ønske felles; framgang og vekst. Potensialet finst, men kommunane må finne det og ha vilje til å la gode krefter sleppe til; med andre ord må dei ha vilje til vekst!

Det inneber å oppdage og utnytte ressursar i nærmiljøet, integrere og involvere breidare kvinner og menn i alle aldrar, innvandrarar og menneske med ulik funksjonsgrad, samt skape engasjement og vilje til dra i lag! Like moglegheiter og høve til frie val utløyser kreativitet, nyskaping og vekst.

I eit samfunn med stor mobilitet konkurrerer fylket med resten av landet og med utlandet om å få unge til å slå seg ned her. At kommunane vår blir prioritert som framtidig bustad er ein føresetnad for vekst.

Likestillingsutvalet i Møre og Romsdal og Tausaløftet i Norddal vil gjerne vere med å skubbe på i denne prosessen.

Saman har vi gleda av å kunne invitere alle med vilje til vekst og interesse for samfunnsbyggjing til gratis konferanse, med skjemt og alvor, i Valldal 5 april 2011. Dyktige folk med svært ulik bakgrunn vil m.a. presentere idear om korleis vi kan skape meir likestilling i media, bygder og byar; grunnlag for samfunn i vekst!

Sjå programmet for meir informasjon.