Sterkt resultat av Møre og Romsdal fylkeskommune

 Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik la i dag fram rekneskapen og årsrapporten til Møre og Romsdal fylkeskommune for 2010. Rekneskapen viser eit mindreforbruk i drifta på rammeområda på 86 mill kroner. 34 mill. kroner av dette skuldast forseinkingar på ymse vegføremål. I tillegg vart dei frie inntektene 46,7 mill kroner høgare enn budsjettert.

- Det er tillitvekkjande å sjå at vi leverer sterke økonomiske resultat og tenester med god kvalitet, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, som i dag la fram Årsrapport og Årsrekneskap 2010

Også finanskapittelet syner ei netto meirinntekt på 17,6 mill kroner. Når så forseinkingar i veginvesteringar gir ei netto mindreavsetning til investeringskapittelet på 98,9 mill kroner, blir det samla mindreforbruket i Møre og Romsdal fylkeskommune sin rekneskap for 2010 på heile 249,2 mill. kroner. Fylkeskommunen har ingen udekte meirforbruk frå tidlegare år.

Leverer
- Det er tillitsvekkjande å sjå at vi leverer sterke økonomiske resultat og tenester med god kvalitet, sier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Han peikar på at det sterke resultatet mellom anna kan tilskrivast rammestyringsmodellen og god økonomikontroll i heile organisasjonen, og gir honnør til avdelingane og einingane for den jobben som blir gjort.

Bruken av rammestyring gjer at avdelingane m.v. som har hatt mindreforbruk eit år, etter ei vurdering kan få med seg midlane over i neste budsjettår. Likeeins kan dei avdelingane som har hatt meirforbruk eit år, få tilsvarande trekk i ramma for neste år. 

  

- Går krevjande tider i møte
- Sjølv om resultatet for 2010 er positivt, går vi krevjande tider i møte, åtvarar fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. – Lånegjelda vil auke frå om lag 2 086 mill. kroner ved utgangen av 2010 til vel 3,1 mrd. kroner ved utgangen av 2014 på grunn av satsinga på lånefinansierte skolebygg og fylkesvegar i vedtatt økonomiplan.

- Med den vanskelege budsjettsituasjonen vi ser for oss i økonomiplanperioden, er det svært viktig at heile den delen av driftsoverskottet som ikkje skal førast tilbake til sektorane blir ført tilbake til driftsfondet, slik fylkestinget vedtok ved behandlinga av økonomiplanen for 2011-2014 i desember, seier Guttelvik.

Årsrapport og årsrekneskap 2010

Balanse
Det høge investeringsnivået i vedtatt økonomiplan gjer at dei frie driftsfondsmidlane på 146,6 mill. kroner som fylkeskommunen no har til disposisjon, fullt ut vil gå med til å få økonomiplan 2012-2015 i balanse.

 - Økonomisk stabilitet og handlefridom har vore avgjerande for dei gode tenestene fylkeskommunen leverer, understrekar fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.
 

    Årsrapport 2010  (som flipbook)