Skuleår i Skottland?

Kunne du tenkt deg å ta andre året VGS i Skottland? Møre og Romsdal fylkeskommune har tilbodet klart.

Inntil 16 elevar frå Møre og Romsdal får tilbod om Vg2 studiespesialisering i Skottland gjennom Armadale Academy. Undervisninga blir på engelsk, men er tilpassa norske læreplanar. Alle elevar vil bu hos skotske vertsfamiliar.
Møre og Romsdal fylkeskommune og Haram vidaregåande skule underteikna 1.  februar 2011 samarbeidskontrakt om dette med West Lothian Council og Armadale Academy.

Søkjarar til tilbodet må ha Vg1. Skuleåret ved Armadale Academy er godkjent som Vg2 studiespesialisering. Armadale Academy ligg mellom Glasgow og Edinburgh, og er ein ny moderne skule med gode fasilitetar for mellom anna idretts- og kulturaktivitetar.
Rektor Helland ved Haram vgs seier seg særs nøgd med avtalen.
- Det skotske utdanningssystemet har vist gode resultater, og personalet ved Armadale Academy har gitt eit godt inntrykk, seier han.

Dette meiner Helland gir tryggleik for at elevane har den naudsynte kompetansen for å gå vidare på Vg3 i Noreg. Han seier vidare at Haram vidaregåande skule vil ha ei tett oppfølging av elevane gjennom direkte kontakt, og elles vil Armadale Academy ha eigen kontaktlærar for desse elevane. Skulen meiner også at det gir ein tryggleik for elevane at skule og council (fylke) har køyrt ein grundig prosess i utvelging av vertsfamiliar.

- Dette er ein sjanse for elevar frå heile fylket til å få eit verdifullt opphald ved ein skole i utlandet der både det faglege og sosiale opplegget er tilrettelagt for at dei både kan få den erfaringa som følgjer med å vere eit engelskspråkleg miljø og samtidig få ei opplæring som er tilpassa den treårige vidaregåande utdanninga dei skal gjennomgå i Noreg, sier fylkesutdanningssjef Per Hoem
Utdanningstilbodet vert finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens Lånekasse for utdanning.
 
Søking skjer på vanleg måte gjennom fellesinntaket innan 1. mars. I tillegg skal elevane fylle ut eit eige søknadsskjema. I samband med inntaket vil aktuelle elevar bli kalla inn til eit intervju som går føre seg på engelsk.