Samler turfylket i eit rike

Møre og Romsdal fylkeskommune testopnar www.morotur.no.

Vegar Bellingmo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, står bak satsinga www.morotur.no. Foto: Svein Magne Harnes/Møre og Romsdal Fylkeskommune

Greier eg turen? Kor bratt er det? Kor lang er turen? Er han godt merka? Slike spørsmål skal du få svar på gjennom www.morotur.no. Gjennom eit omfattande arbeid med kartlegging og gradering av løyper, skal val av tur bli enklare for alle. Arbeidet skjer saman med kommunar, organisasjonar og enkeltpersonar i ein storstilt dugnad. Kartlegging av ski-, sykkel-, padle-, og fotturar skal kartleggast, og graderast grøn, blå raud og svart, med grøn som enklaste valet.
Frå og med fredag 25. februar kan du lese om turane på www.morotur.no. Du kan også legge inn turar sjølv på same side, og synleggjera fantastiske turar i ditt område og kommune, frå dei enklaste rundt Aker stadion til meir krevjande raude og svarte. Vi oppmodar alle til å bli med på ein dugnad fram mot offisiell lansering av morotur 29. mai 2011.