Nytt SPOR om Møremakta

Ei ny utgåve av fylkesmagasinet SPOR er no klar. Her kan du mellom anna lese forskjellige artiklar om skredfylket Møre og Romsdal. Du finn også artiklar om Møremakta, der tema er korleis samle kreftene til beste for heile fylket.

Fylkesmagasinet SPOR handlar denne gongen om skredfylket samt artiklar om Møremakta.

Fylkesmagasinet SPOR presenterer også eit kart med komplett oversikt over alle Turistforeninga sine hytter her i fylket, samt lenker til meir informasjon om hyttene og turane dit.

Du finn også ein artikkel om den nye tilbodet frå Friluftslivssatsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune:  www.morotur.no  - ein oversikt på nett over korte og lange turar over heile fylket.

I tillegg finn du utdannings-sider, tips til vinteraktivitetar, føljetongen der vi presenterer byane i fylket samt mykje anna spennande artiklar frå Møre og Romsdal.

Ta deg ein kaffekopp og ei hyggestund med fylkesmagasinet SPOR, og gje gjerne med tilbakemeldingar til:  spor@mrfylke.no

SPOR på nett:   www.mrfylke.no/spor

Du kan lese den nyaste utgåva av fylkesmagasinet SPOR ved å følgje denne lenka