Kontaktpersonar

Sverre Hollen
Ass. fylkesutdanningssjef
71 25 80 57
Send e-post
Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post

Konferanse om digitale læremiddel

Er digitale læremiddel berre eit supplement? Korleis påverkar digitale verktøy klasseleiinga i vidaregåande skole? 24. februar får du nokre svar.

Torsdag 24.februar arrangerer nemleg Møre og Romsdal fylkeskommune ein konferanse med Nasjonal digital læringsarena (NDLA) på Rica Seilet.  Fylkeskommunen ønskjer å presentere mange av faga som NDLA tilbyr, og også å sette fokus på klasseleiing og IKT. Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger, Arne Olav Nygard vil halde foredrag om desse tema på samlinga.

Delingskultur

NDLA vil mellom anna presentere ei ny satsing – Arena. Dette er nye verktøy utvikla for å fremje delingskulturen i skolen, og gir moglegheit for medverknad og samarbeid for elevar og lærarar. Skolane vil få presentert dette i eigne parallellar under konferansen.

Om NDLA

NDLA er eit fylkeskommunalt innkjøpssamarbeid for 18 fylkeskommunar. Fylkeskommunane har fått ansvar for å halde elevar i vidaregåande opplæring med gratis læremiddel.

Prosjektet hadde følgjande føringar frå Kunnskapsdepartementet:

NDLA i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen har vore med i prosjektet sidan oppstarten og har vore jamleg drøfta i mellom anna Utdanningsutvalet. Statistikken viser at nettstaden har eit potensiale for auka bruk ved dei vidaregåande skolane i fylket, og konferansen er ein del av arbeidet med å gjere ressursane frå NDLA betre kjent. Utdanningsavdelinga abonnerer også på andre digitale læremiddel frå kommersielle aktørar som t.d. Ordnett og LOKUS.