Ga 300.000 kr i kunststipend

Fem av 35 kunstnarar fekk stipend då Møre og Romsdal fylkeskommune tildelte Kunstnarstipend for 2010.

Kulturutvalet har vedteke å gi totalt 300.000 kroner til fem kunstnarar. Desse er:

  • Bent Erik Myrvold: Stipend kr 90 000,-, muralteknikk og performance
  • Heidi Rødstøl: Stipend kr 60 000,-, romkunst/installasjon
  • Marit Moltu: Stipend kr 50 000,-, konseptkunst
  • Jorunn Marie Kvernberg: Stipend kr 50 000,-, folkemusikk/produksjon av solokonsert
  • Solveig Styve Holte: Stipend kr 50 000,-, utøvande og skapande dansekunstnar

Bakgrunn

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend har vore utlyst med søknadsfrist 15. september 2010. Ved utløp av fristen hadde det meldt seg til saman 35 søkjarar. Søknadene fordeler seg med 28 søkjarar innan visuell kunst, 2 innan dans, 1 innan musikk, 2 innan teater/forteljarteater, 1 innan litteratur og 1 innan samspel mellom dikt/musikk.

Vurderinga

Generell vurdering av søknadene er gjort med grunnlag i vedtekne statuttar for ordninga. Statuttane for kunstnarstipendet vart endra i mai 2010 for å forenkle arbeidet for både søkjarar og søknadsvurderinga. Spesielt er det lagt følgjande kriterium til grunn:

 * Høg kunstnarisk kvalitet på og klare mål for arbeidet søkjarane vil gjennomføre i stipendperioden

* Nyskapande og utviklande prosjekt for kunstnaren sjølv og for det kunstfaglege miljøet i fylket

* Gode faglege grunngjevingar for korleis stipendet skal nyttast samt prioritering av søknader som skildrar arbeid innanfor notida sitt kunstfelt

Meir informasjon finn du i saksframlegget: