Kontaktpersonar

Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Fylkeskommunen vil opprette kontor i Kristiansund og Ålesund

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å opprette eigne kontor i Kristiansund og i Ålesund. - Kontora skal medverke til at fylkeskommunen skal vere meir tilgjengeleg og synleg for næringslivet, kommunen og andre interesser i desse to byane, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

- Eigne kontor for fylkeskommunen i Kristiansund og i Ålesund skal medverke til at å gjere oss meir tilgjengeleg og synleg for næringslivet, kommunen og andre interesser i desse to byane, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Planene vart lagt fram i samband med Økonomiplan 2011-2014 med budsjett for 2011. Der heiter det slik:

"Fylkeskommunale ”ute-kontor”Fylkeskommunen ønskjer å etablere to ”ute-kontor”, eller regionale kontor, i byane Ålesund og Kristiansund. Helst ønskjer vi desse lokalisert til eit av utviklingsmiljøa i desse byane. Målet er at fylkeskommunen skal vere meir tilgjengeleg og synleg for næringslivet og andre interesser i desse to byane.
Fylkesrådmannen ser verdien av å vere fast til stades i dei to byane. Dette kan gi auka legitimitet for fylkeskommunen og kan verke samlande for fylket. Samtidig kan dette vere eit kontor som kan brukast av tilsette i vårorganisasjon som bur i nærleiken av desse byane. Det blir også lagt vekt på at lokala har eigna møterom som kan brukast for møte i regi av fylkeskommunen."

Fylkeskommunen vil opprette eige kontor i Kristiansund

Fylkeskommunen vil opprette eige kontor i Kristiansund.

Fylkeskommunen vil opprette eige kontor i Ålesund

Fylkeskommunen vil opprette eige kontor i Ålesund.