Kontaktpersonar

Åse Ellen Bergdal Slatlem
Rådgivar likestilling, eldre og funksjonshemma
71 25 88 42
Send e-post

Fokus på Kvinnedagen!

Reidun Klock Tjervåg har skrive eit lesarinnlegg om likestilling

8. mars nærmar seg, den spesielle dagen då vi skal sette fokus på likestilling, fridom og like moglegheiter for kvinner, utan omsyn til alder, etnisitet, seksuell legning eller funksjonsgrad. Sjøl om vi likar å tru at vi bur i eit likestilt land, er der mange utfordringar som står att, særleg innan enkelte innvandrermiljø. 

Fylket vårt har diverre ei lite flatterande plassering på likestillingsindeksen. Sjølve plasseringa er ikkje det viktigaste. Men den har ein uheldig signaleffekt til unge, moderne kvinner som vi absolutt treng i fylket vårt. Skal vi klare å halde på dei eller få dei til å flytte heim, må vi ta likestilling på alvor. 8. mars høver fint til å markere at vi gjer det, for likestilling er ein føresetnad for regional utvikling. Utan jentene er ikkje samfunn liv laga, så enkelt er det. Ein tidlegare fylkesordførar i Finnmark sa det slik:” Det er verre om jentene forsvinn enn om all fisken gjer det!”

Kvinnesak  vart lenge framstilt som ein kamp om kven som skulle vaske opp eller bake brød.Sjøl om arbeidsdeling er viktig nok, er likestilling så mykje meir, nemleg retten til frie val og like moglegheiter for alle. 

Likestillingsutvalet i fylket ønsker å spele på lag, difor er det sendt ut brev med tips til aktivitetar og samarbeidspartnarar til alle kommunane. Med kjennskap til den store kreativiteten det er rundt om kring, vonar vi det blir skapt blest om kvinnedagen over heile fylket. Såleis kan vi vere med å skape eit positivt omdøme av kommunane i dette fantastiske fylket vårt!  Lukke til med dugnaden!

Reidun Klock Tjervåg

Leiar i Likestillingsutvalet i Møre og Romsdal.