Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post

Vil at vegdirektøren går i spissen for ferjefri E-39

Vegdirektøren sjølv bør leie ei eiga styringsgruppe knytt til ferjefri E39. Det seier fylkesordførar Olav Bratland, som meiner dette kan gje ekstra slagkraft som kan visest igjen i Nasjonal Transportplan (NTP). – No treng vi full mobilisering for denne viktige vegen, seier Bratland.

- Vegdirektøren sjølv bør leie ei eiga styringsgruppe knytt til ferjefri E39, meiner fylkesordførar Olav Bratland

- Omsynet til den framtidige verdiskapinga i vår landsdel gjer det heilt nødvendig med ei storsatsing på veg, sier Bratland, og viser til at det i Møre og Romsdal trengst 20 milliardar – og for heile strekninga ca. 100 milliardar – for å realisere ferjefri E-39.

  

Nasjonal oppstartskonferanse

I slutten av mars arrangerer Vestlandsrådet ein nasjonal oppstartskonferanse for ferjefri kyststamveg, der både samferselsministeren, vegdirektøren, regionvegsjefar og andre som sit med avgjerder blir med.

Fylkesordførar Bratland meiner denne konferansen må munne ut i oppnemning av ei sterk styringsgruppe, som prosjektleiaren for ferjefri E-39 kan stø seg til.

Vegdirektøren

- Mitt ønske er at vegdirektøren sjølv - Terje Moe Gustavsen - må leie ei slik styringsgruppe, og at han får med seg den fremste faglege kompetansen vi har i landet på bygging av bruer og tunnelar. I tillegg må dei fylka dette gjeld vere representert.

Milepæl

- Som fylkesordførar i Møre og Romsdal har eg stor tru på at denne konferansen blir ein viktig milepel og starten på eit nasjonalt løft for denne viktige vegen, seier Bratland. - At heile landsdelen no går saman om å realisere dette prosjektet gir håp, legg han til.

Vestlandsrådet  er eit samarbeidsorgan mellom fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Sogn- og Fjordane, Hordaland og Rogaland og Statens vegvesen.

Les også- Et stort skritt nærmere ferjefri E39