Kontaktpersonar

Anne Berit Svenkerud Halle
IKT-/spesialbibliotekar
71 28 33 14
Send e-post

Ungdomskoordinatorar og ungdomsråd drøfta samarbeid og leiing

Ungdomskoordinatorane samt leiarane i dei kommunale ungdomsråda i Møre og Romsdal var tysdag samla for å drøfte samarbeid og leiing.

Alle ungdomskoordinatorane samt leiarane i dei kommunale ungdomsråda i Møre og Romsdal var tysdag samla for å drøfte samarbeid og leiing (foto: Svein Magne Harnes/Møre og Romsdal fylkeskommune)

[Klikk på bildet for større versjon]

Mykje av samlinga var knytt til gruppearbeid omkring hovudtemaet Samarbeid og leiing samt drøfting av resultata frå dette gruppearbeidet.

Deltakarane fikk også med seg ein introduksjon om fylkeskommunen, eit innlegg frå elev- og lærlingombodet om samarbeid og leiing samt ei orientering om eit nytt kollektivtilbod.

Samlinga vart avrunda med praktisk informasjon frå Ungdomspanelet og frå rådgivar Anne Berit Svenkerud Halle om: Ungdomspanelet, Ungdommens fylkesting 2011, ungdomsmidlane og ungweb.

Nytt koordinatormøte blir hausten 2011.

Les meir om koordinatorsamlinga