Kontaktpersonar

Nils Gunnar Solli Nils Gunnar Solli
Organisasjonssjef
71 28 01 60 /
Mob. 913 28 067
Send e-post

Nils-Gunnar Solli tilsett som administrasjonssjef

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har tilsett Nils-Gunnar Solli som administrasjonssjef i fylkeskommunen. Han har vore konstituert i stillinga sidan november 2009.

Nils-Gunnar Solli (58) er tilsett som administrasjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han har vore konstituert i stillinga sidan november 2009.

Nils-Gunnar Solli har arbeidd i kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune sidan hausten 1994 og til november 2009. Han har i desse 15 åra hatt stillinga som assisterande fylkeskultursjef. 

Kjenner organisasjonen
Ettersom han har hatt ei leiarrolle har han gjennom desse åra fått god kjennskap til heile organisasjonen. - Det er ein god ballast å ta med i den nye leiarrolla på stabsnivå i organisasjonen, seier Solli. 

30 år i det offentlege
Solli er utdanna høgskulekandidat frå Volda innanfor samfunnsfagleg studieretning. Han har over 30 års fartstid i offentleg sektor; først i Nordland fylkeskommune, deretter i Stjørdal kommune før han kom til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han har også organisasjonserfaring knytt til mange tillitsverv lokalt, regionalt og nasjonalt. Nils-Gunnar Solli er 58 år og busett i Molde.

Kontaktperson:
Nils-Gunnar Solli, mobil: 913 28 067