- NDLA-konferansen : Stenging av sosiale media eit dårleg alternativ

Konferansen på Rica Seilet 24.2. med NDLA (Nasjonal digital læringsarena) vart opna av fylkesutdanningssjef Per Hoem og hadde interessante tema om bruk av digitale læringsressursar i vidaregåande opplæring. 

Arne Olav Nygard snakkar om utfordringane som skolen har i møte med digitale ressursar

Hoem snakka om kor krevjande det er å vere lærar i ei overgangsfase frå trykt til digitalt.  Hovudfokuset for skoleeigar framover er å styrke den digitale kompetansen hos lærarane. Doktorgradsstipendiat Arne Olav Nygard  ved Universitetet i Stavanger hadde hovudinnlegget, og han viste til den debatten som har gått i media den siste veka om bruken av Facebook i undervisninga. Han meinte at juks, Facebook og manglande konsentrasjon i timane er eit pedagogisk problem, og ikkje eit teknologisk.  I følgje Nygard er stenging av sosiale media er eit dårleg alternativ. Lærarane må ta grunnleggande kunnskapsideologiske diskusjonar om kva kunnskap i dag er og korleis vi skal lære.

 Det deltok cirka 120 lærarar frå dei vidaregåande skolane i fylket på samlinga, der også NDLA fekk presentere det tilbodet dei har utvikla av digitale læremiddel innanfor ulike fag.  Pedagogisk leiar i NDLA, Leonhard Vårdal, avslutta samlinga med å seie kvar vegen vidare går for NDLA, og inviterte  lærarane til å vere med på å vidareutvikle NDLA gjennom  ris og ros. Deltakarane gav svært positiv respons på samlinga og ser fram til fleire møtepunkt der klasseleiing er sentrale tema.

NDLA3