Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post

Møre og Romsdal aktivt med under nasjonal oppstartskonferanse for ferjefri E-39

I dag blir den nasjonale oppstartskonferansen for ferjefri E-39 halden i Stavanger. Møre og Romsdal fylkeskommune deltek med mellom andre fylkesordførar Olav Bratland og representantar frå samferdselsavdelinga.  

I dag blir den nasjonale oppstartskonferansen for ferjefri E-39 halden i Stavanger. Møre og Romsdal er aktivt med.

- Som fylkesordførar i Møre og Romsdal har eg stor tru på at denne konferansen blir ein viktig milepel og starten på eit nasjonalt løft for denne viktige vegen. At heile landsdelen no går saman om å realisere dette prosjektet gir håp, seier, seier Olav Bratland.

Han har tidlegare tatt til orde for at vegdirektøren sjølv bør leie ei eiga styringsgruppe knytt til ferjefri E39, og meiner det kan gje ekstra slagkraft som kan visest igjen i Nasjonal Transportplan (NTP). – Vi treng full mobilisering for denne viktige vegen, seier Bratland.

- Vi treng full mobilisering for ferjefri E-39, seier fylkesordførar Olav Bratland.

Aktuelt for Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal arbeider ein med fleire store fjordkryssingsprosjekt, t.d. Møreaksen, Hafast og Halsafjordsambandet og tema for oppstartskonferansen er dermed svært aktuelt også her: Teknologiske løysingar og samfunnsmessige følgjer knytt til utbygging av store og kompliserte transportkorridorar.  

Potensiale
Det er Statens vegvesen som har fått i oppdrag av Samferdselsdepartementet å greie ut kva potensiale ein ferjefri kyststamveg vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar. I arbeidet skal Statens vegvesen òg vurdere teknologiske løysingar for fjordkryssingar. Prosjektet gjeld E39 langs kysten frå Kristiansand til Trondheim.

I tillegg til samferdselsministeren og vegdirektøren, kjem også ekspertar frå inn- og utland for å snakka om dei samfunnsmessige følgjene av utbygging av store og kompliserte transportkorridorar. Konferansen vil òg handle om å skape felleseigarskap, involvering og styring av satsinga.

Sjå også:

Presentasjonar oppstartskonferansen

Vil at vegdirektøren går i spissen for ferjefri E-39