Mest maritim verdiskaping på Vestlandet

Ein ny rapport utarbeidd for Vestlandsrådet presenterer tal for den marine og maritime næringa på Vestlandet. 

Maritime næringer står sterkt på Vestlandet.

Rapporten “Den maritime næringen på Vestlandet” viser mellom anna at det meste av verdiskapinga innan marine og maritime næringar i landet, går føre seg på Vestlandet. Og at marine og maritime næringar på Vestlandet representerer 10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt (BNP). 
-Rapporten gir grunn til optimisme og tru på ei berekraftig utvikling på Vestlandet. At 10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt kjem frå marine og maritime næringar på Vestlandet, viser at vi kan meir enn olje og gass, seier leiar av Vestlandsrådet, Tom Tvedt.

Sjå rapporten her: http://www.vestlandsraadet.no/nøkkeltall