Kontaktpersonar

Hege Merethe Gagnat Hege Merethe Gagnat
Rådgivar kulturformidling
71 28 03 23 /
Mob. 901 14 024
Send e-post

Kråkesølv til dei vidaregåande skulane

Kultursekken i Møre og Romsdal har denne våren gleda av å kunne presentere spelemannsprisvinner KRÅKESØLV for elevar i vidaregåande skule i Møre og Romsdal.

Spelemannsvinnaren KRÅKESØLV spelar i april for elevar i vidaregåande skule i Møre og Romsdal.

I perioden 4. april til 14. april arrangerer Kultursekken konsertar for elevane frå Ulstein vgs, Atlanten vgs, Kristiansund vgs, Sunndal vgs, Haram vgs, Ørsta vgs, Volda vgs, Fagerlia vgs og Ålesund vgs. Konsertane blir haldne på kulturhusa i kommunane.

Storsatsing
- Dette er ei storsatsing for Kultursekken denne våren, vi gled oss på skuleungdommen sine vegner og vi ventar oss mykje av konsertane, seier rådgivar innan kulturformidling i Møre og Romsdal fylkeskommune; Hege Merethe Gagnat. Ho fortel at dette blir ein konsert med fullt trøkk.

Bandet Kråkesølv frå Bodø har sidan oppstarten i 2007 spela over heile Noreg. Bandet fikk gjennombrotet via P3-programmet Urørt og bransjefestivalen by:Larm.

Mest spelte
I 2010 spela dei på ØYA-festivalen, og dei fekk Spellemannsprisen som beste popgruppe i 2011. I tillegg var dei nominert til spellemannspris som "Årets nykommer". Saman med John Olav Nilsen & Gjengen var Kråkesølv det mestspelande bandet i festival-Noreg sommaren 2010.

Kråkesølv ga hausten 2009 ut albumet "Trådnøsting" som fekk svært gode kritikkar av eit samla norsk kritikarkorps. Plata "Bomtur til jorda" kom ut november 2010.

Kråkesølv består av:

  • Kristoffer Magnus Nohr Unstad – gitar, vokal
  • Fredrik William Olsen – gitar, vokal
  • Petter Waldemar Nohr Unstad – bass
  • Thomas Litangen – trommer

Fullstendig turneplan Kråkesølv

KULTURSEKKEN I MØRE OG ROMSDAL

Kultursekken er eit samleomgrep for satsinga på kulturformidling i grunnskolen i Møre og Romsdal. Kultursekken vert realisert gjennom tiltaka Kulturnista og Kulturlauget, samt gjennom kommunane sine lokale Kultursekkprosjekt.

Kultursekken er Møre og Romsdal fylke sitt svar på Den kulturelle skolesekken - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i grunnskolen.

  

Pressebilde og kontaktinformasjon til Kråkesølv:

http://www.krakesolv.no/

http://www.myspace.com/krakesolv

 

Kulturtorgbrosjyra for Møre og Romsdal 2011