Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post

- Har fått samla kreftene

- Vi har fått samla kreftene i arbeidet med å sikre ein ferjefri E-39, seier ein optimistisk fylkesordførar Olav Bratland, etter den viktige oppstartskonferansen i Stavanger i dag.

Fylkesordførar Olav Bratland (t.v.) fekk vegdirektør Terje Moe Gustavsen til å leie ei eiga styringsgruppe knytt til ferjefri E39. Fylkesordførarane på Vestlandet sit i også same styringsgruppa.

Bratland er svært optimistisk etter konferansen, og viser til at ein no har fått etablert ei topptung styringsgruppe for å få fart på prosessen:

- Mitt ønskje om at vegdirektør Terje Moe Gustavsen skal leie ei eiga styringsgruppe knytt til ferjefri E39 er innfridd, og vi har også fått med fylkesordførarane på Vestlandet i same styringsgruppa, opplyser Bratland.

- Vi treng 100 milliardar over ein periode på 20 år for å få realisert prosjektet, og det bør vere muleg, seier Bratland, som viser til at i Møre og Romsdal gjeld dette i første rekkje kryssing av Moldefjorden, Storfjorden og Halsafjorden.

ferjefri E-39 - Olav Bratland - kartfoto Statens Vegvesen

BILDET: - Vi har fått samla kreftene i arbeidet med å sikre ein ferjefri E-39, seier ein optimistisk fylkesordførar Olav Bratland.

Sjå også: