Ein million til frisklivssentralar i Møre og Romsdal

Sju kommunar i Møre og Romsdal har fått til saman ein million kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til etablering av nye frisklivsentraler. Midlane skal nyttast til å utvikle lavterskelaktivitetar for å fremje sunne levevanar, med særleg merksemd på fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt.

Frisklivssentralane i kommunane skal utvikle lavterskelaktivitetar for å fremje sunne levevanar, med særleg merksemd på fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt.

Etter at Møre og Romsdal fylkeskommune i sommar utlyste tilskott til å etablere frisklivstilbod i Møre og Romsdal fylke, kom det inn søknad frå 10 kommunar.

Av desse var det 7 kommunar som fekk tilskott. Midlane er fordelt slik:

Skodje    100 000 kroner

Ålesund    225 000 kroner

Volda     175 000 kroner

Surnadal    125 000 kroner

Rauma    100 000 kroner

Fræna    125 000 kroner

Molde     150 000 kroner

Endre livsstil

Frisklivstilboda skal rette seg mot personar som av helsemessige og sosiale årsaker har behov for hjelp til å endre livsstil, og dei skal bidra til utjamning av sosiale helseforskjellar. Målgruppene er eksempelvis personar som har sjukdomar og plager ein kan relatere til fysisk inaktivitet, usunt kosthald og tobakksbruk; grupper som har falle utanfor arbeidslivet; innvandrargrupper; brukargrupper innan tidleg alkohol-/rus-problematikk; personar med lettare eller moderate psykiske lidingar samt barn og unge.

Frisklivstilboda skal leggjast opp slik at dei gir auka mestringsoppleving, betre helse og positiv endring av levevaner. Tilboda skal forankrast i kommunehelsetenesta, i samarbeid med frivillig sektor og bedrifter.

God Helse

Det er God Helse-satsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som har fordelt midlane mellom dei 7 kommunane. Midlane kjem delvis frå Helsdirektoratet sine øyremerkte midlar til lavterskelaktivitetar for å fremje sunne levevanar, og delvis frå tilgjengeleg finansiering i fylkesplanen for kultur 2010. Ved sidan av å fordele midlane skal fylkeskommunen også medverke til utvikling og kvalitetsikring av frisklivstilboda.

Kontaktpersonar:

Svein Neerland
seksjonsleiar folkehelse og fysisk aktivitet
Møre og Romsdal fylkeskommune
mobil: 900 99 507

Ann Helene Skare
rådgivar folkehelsearbeid
Møre og Romsdal fylkeskommune
mobil: 958 89 423