Bokbåten Epos på vintertur

1. februar legg Bokbåten ut på vintertur, og vil denne gongen besøke til saman 79 skular og barnehagar over heile fylket. Teaterframsyningar, forteljarstunder og bokutlån inngår i tilbodet.

1. februar legg Bokbåten ut på vintertur, og vil denne gongen besøke til saman 46 skular over heile fylket. Teaterframsyningar, forteljarstunder og bokutlån inngår i tilbodet   (klikk på bilda for større versjon)

Vinterturen til Bokbåten startar frå Ålesund tysdag 1, februar og går først nordover i fylket. 16. februar startar turen til stadane som ligg sør for Ålesund.

I år tilbyr Bokbåten Forteljarstund med Amir Mirzai og Sara Birgitte Øfsti Nesje, begge frå Fortellerhuset. På turen sør i fylket tilbyr ein den humoristiske og sjarmerande framsyninga “BOKstavlig talt” med Abrakadabra Teater.

Bokbåten i Møre og Romsdal har på denne turen 68 stoppestader fordelt på 22 kommunar. Nokre stader får besøk på føremiddagen, andre på ettermiddagen.

Fleire av dei 46 skulane som bokbåten besøkjer kombinerer bokbåtbesøket med leseprosjekt. Slunkne skulebibliotek og bokhyllene i barnehagen får kjærkomne tilskot. 

Snart 50 år med bokbåt i Møre og Romsdal
Frå hausten 1959 vart bokbåten eit tilbod til folk i Hordaland. Dei første åra var det ei skute med namnet Abdulla som sørga for bøker og kultur. I 1963 tok den 80 fot lange bokbåten Epos over. Og då blei også Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane med i bokbåtdrifta.

I dag er Epos eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS. Båten blir leigd inn som bokbåt i haust- og vintersesongen, og fungerer elles som turistbåt. Bokbåttenesta er eit samarbeidstiltak mellom fylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Bokbåtklubben
Bokbåtklubben er ein nettstad for born som er lånarar på Bokbåten. Her finn du tips om gode bøker, blogg, spel, konkurransar og anna. På nettstaden til bokbåten Epos kan ein også følgje bokbåten når han er på tur, ved hjelp av eit kart.  

www.bokbaten.no

www.bokbaten.no/klubben

Kontaktperson:
Katrine Solberg, mobil 901 63 953