Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post

100.000 til katastrofearbeidet i Japan

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gir 100.000 kroner til Redd Barna sitt katastrofearbeid i Japan. - Det er ein ekstraordinær situasjon som kallar på ekstraordinær støtte, seier fylkesordførar Olav Bratland.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gir 100.000 kroner til Redd Barna sitt katastrofearbeid i Japan

Fylkesordføraren tok opp saka då fylkesutvalet kom saman til møte måndag. Han viste til at løyvinga i tid fell utanom dei årlege summane fylkesutvalet gir til utvalde føremål: - ..saka er likevel så ekstraordinær at eg vel å ta den opp no, sa fylkesordføraren til fylkesutvalet, som gav han full støtte i å løyve 100.000 kroner til Japan.

Førespurnad

Det var Redd Barna som i brev hadde vendt seg til fylkesordføraren med førespurnad om støtte. I brevet blir det vist til direkte oppmoding frå Redd Barna i Japan om å hjelpe med økonomisk bistand til dei katastroferamma i landet.

- Vi er ekstremt bekymra for barna sin situasjon, og det er ei stor oppgåve Redd Barna Japan står framfor, seier Tove Wang, generalsekreter i Redd Barna.

Etter avtale med dei japanske styresmaktene vil Redd Barna først og fremst konsentrere seg om å gi barna psykososial hjelp.

Dette skal Redd Barna gjere i Japan:

  • opprette barnevennlige område på fleire evakueringssenter. Her kan barna leike og lære under oppsyn av spesialtrena vaksne og få hjelp til å bearbeide vonde opplevingar
     
  • Ta vare på barna i trygge omgjevnader, slik at foreldra får pusterom og mulegheit til å starte den krevjande oppbygginga av familien sitt kvardagsliv
     
  • Lære foreldre, lærarar og andre omsorgspersonar å kjenne att teikn på at barna ikkje har det bra, slik at dei kan få hjelp til å takle påkienningane.
     
  • Samarbeide med lokalsamfunna om opplæring til frivillige for å støtte barn i bearbeiding av traume.