Visjon, verdiar og overordna mål

Tydeleg medspelar - illustrasjon

Ein tydeleg medspelar – vår felles visjon

Møre og Romsdal fylkeskommune sin visjon er: ”Ein tydeleg medspelar”.
Vi skal vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, profesjonelle i alt vi gjer, fagretta, utviklingsorienterte og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt.

Vi ønskjer å utvikle ein felles overordna identitet og bygge vårt omdømme gjennom felles visjon og verdiar. Dette vil binde saman alle sektorar, fagområde og oppgåver under ein paraply.

Vårt felles verdigrunnlag

Møre og Romsdal fylkeskommune legg vekt på at dei demokratiske verdiane skal vere grunnlag for korleis alle tilsette tek hand om oppgåvene sine.
Våre samfunnsoppdrag byggjer på verdiane:

• respekt
• likeverd
• medråderett
• fellesskapsansvar
• open organisasjon.

Ein medviten og høg etisk standard skal ligge i botn for vår oppgåveløysing.

Vår felles visjon og verdiane vil vere grunnlaget for  samhandling og dialog internt i organisasjonen og med  brukarane våre; elevar, foreldre, pasientar, og våre samarbeidspartnarar, kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal byggje identitet og omdømme på visjonen vår og med det demokratiske verdigrunnlaget som felles referanseramme.

Overordna mål for arbeidsgivarpolitikken

Vi vil utvikle kulturar for læring, utvikling og deling, der medarbeidarane opplever seg frie til samarbeid og utvikling for best mogleg kvalitet på tenestene. I møte med brukarar, innbyggjarar og samarbeidspartnarar skal Møre og Romsdal fylkeskommune framstå med vilje til utvikling.

Kontaktpersonar

Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post
Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post