Samarbeidsorgan

handshake medalje

Møre og Romsdal fylkeskommune har medråderett som ein kjerneverdiane i sin arbeidsgivarpolitikk. Leiarar, tillitsvalde og tilsette skal samhandle om å tilby og utvikle best mogleg kvalitet på tenestene våre. Vi skal utvikle kompetente og myndige leiarar- og medarbeidarar. Tillitsvalte skal "inviterast inn i leiing" som utviklingspartnarar i arbeidsprosessar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har  avtale med arbeidstakar-organisasjonane om samarbeidsutvalsstruktur. Avtaledokumentet finn du i høgremenyen.

Målet med denne avtalen er å skape ein struktur med faste møteplassar (samarbeidsutval) som

  • tek opp i seg både funksjonsområdet for arbeidsmiljøsaker etter Arbeidsmiljølova og funksjonsområdet for medbestemmelsesordningar etter Hovudavtalen
  • følgjer organisasjonsmønsteret i fylkeskommunen.
  • legg til rette for ei rasjonell og god behandling av arbeidsmiljøsaker og medbestemmelsessaker på lågast mogleg nivå i fylkeskommunen

Samarbeid, medbestemmelse og medansvar skal sikre målretta styring av ressursane og eit godt arbeidsmiljø. Partane viser særskilt til formåls- og intensjonsføresegnene i Hovudavtalen for kommunal sektor

Ordninga med samarbeidsutval (SAMU) er gjort gjeldande for tannhelsesektoren og sentraladministrasjonen. På skolane er det separate arbeidsmiljøutval etter arbeidsmiljølova og drøftingsmøter etter Hovudavtalen. I tillegg har fylkesutdanningssjefen drøftingsmøter etter Hovudavtalen som gjeld utdanningssektoren (på tvers av skolane). På overordna nivå har vi eit hovudsamarbeidsutval (HSAMU) som behandlar saker som gjeld heile organisasjonen eller som går utover SAMU sine virkeområde.

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Iver Kåre Mjelve Iver Kåre Mjelve
Rådgivar
71 28 01 52 /
Mob. 976 92 994
Send e-post
Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post