Dokument

Sentralt tariffoppgjer 2011

.

Her vil du finne nyheiter om tariffoppgjeret per 1.5.2011. 

Tarifforhandlingane om regulering 2. avtaleår, mellomoppgjeret, vart sluttført den 30. april 2011. Dei tilsette i kommunesektoren får eit generelt tillegg på 1,72 prosent, minimum 7000 kroner pr. år. Samanholdt med tillegg som er gitt tidligere, utgjer resultatet ein lønnsvekst på 4 ¼ prosent.

I B-rundskriv 2/2011 kan du lese meir om detaljane i oppgjeret og om iverksetting

Det sentrale oppgjeret gjeld tilsette lønna etter hovudtariffavtalens (HTA) kap. 4, men dei økonomiske rammene vil danne referanseramme for dei lokale forhandlingane i kap. 3 og 5. Tilsette i kap. 4 vil ikkje bli omfatta av lokale forhandlingar i 2011.

Meir informasjon om lokale forhandlingar i kap. 3 og 5 finn du under menypunktet lokale lønnsforhandlingar.