Samling 26. oktober 2016

Onsdag 26.10 var ein haug med fine ungdomar samla på skulekjøkenet. Første hybelsamling for skuleåret 2016/2017 var ei svært lovande affære. Oppstart av aktivitetsgruppe på Facebook var første punkt på agendaen. Det vart fiksa i ein fart. Så var det klart for dagens kokkelering. Alle fekk utdelt sine oppgåver og inndelt i team. Chef, kutteansvarlege i alle moglege former, eltarar og steikarar sette i gong med livets lyst. Gryterett med potetsalat, rundstykker og salat stod på menyen. Nesten fritt etter fantasien var spenninga stor om dette kunne gå bra. Litt tid tok det, men for ein innsats! Med god hjelp av eigen DJ kom vi jammen i mål. Stilla rundt bordet under måltidet sa vel alt. Lett rosa i andleta etter strabasiøs og energisk matlaging, men godt nøgde med resultatet. Ein suksess! 

Dette lovar godt. Nesten 100 elevar på Fagerlia bur på hybel. Vi håpar å sjå enda fleire på neste samling. :) 

Hybelboer 1

                                                       

Hybelboer 2
Hybelboer 3