Samling mandag 1. februar 2016

Her kjem ein liten stemningsrapport frå turen i skauen med pølse på termos og kakao og ei lita (men god) gruppe av hybelfolk:

Få tør trasse den våte snøen i nyfødd februar.

Tvil rammar gjerne når naturkrefter slår inn. Inneliv er trygt når vinden bles tungt og folket går med bøygde nakkar.

Denne dagen sigrar tanken på pølser og kakao i livgjevande luft.

Fire par bein går med faste skritt mot ei utsikt i skogen. Gode ord veltar fram i takt med skritta, og våt snø gleder ansikta og skapar blussande liv.  

Skogen helsar forbausa over synet av andre enn regnvåte småfuglar.

Der er toppen. Fjella ligg gøymde som skattar for fantasien.

Ein gapahuk blir vekt til liv av lukta av pølser og kakao. Smila kruser seg i ansikta idet sekken opnar seg og elver av kakao fyller lengtande koppar. Motvillige lomper kan ikkje stoppe ivrige unge hender som skjelv etter termospølser. Latter. Sjokolade. Ukontrollerte fossar av krem. Berre ei pølse til. Ja takk! 

Dansande i medvind leikar vi oss tilbake mot trange innekår. Litt gladare.

Hilsen Rune Sæter