FRAM

Rimeleg mobilitetsvekebillett Ålesund, Giske og Sula 16. – 22. september

Ålesund kommune skal i perioden 16. – 22. september vere med på Europeisk mobilitetsveke, og denne veka kjem FRAM med ein eigen mobilitetsvekebillett til svært gunstig pris. For 125 kroner reiser du så mykje du vil med FRAM, i kommunane Ålesund, Giske og Sula.

Tilbodet gjeld både buss, Langevågsbåten og hurtigbåten til Valderøya og Giske. Billetten gjeld berre i mobilitetsveka, og det er berre éin priskategori (vaksen). Billetten blir tilgjengelig frå 16. september i FRAM-appen og for reisekort.