Tidlegare dramaelev tatt inn på Statens Teaterhøgskole
Tidlegare dramaelev Henriette Friis Marø er, som ein av åtte studentar, tatt opp ved den prestisjefylte bachelorutdanninga for skodespelarkunst i Oslo. Av 800 søkarar og med plass til 4 jenter, blir dette rekna for å vere eit av dei vanskelegaste studia å kome inn på. Vi gratulerer og gler oss til å sjå henne på teaterscena.