Dramalinja deltok på teaterfestival i Molde
Laurdag og søndag spelte elevane ved dramalinja på teaterfestivalen DUS ved Teateret Vårt. Det blei ein flott represtasjon av Fagerlia vidaregåande skule. I tillegg til at dei fekk møte andre teaterinterisserte fekk dei også møte dramatikaren for manuset Super, Knut Nærum. Bra jobba!
DUS eller Den Unge Scene dannar eit nettverk som utviklar og fremmer ungdomsteater i Noreg. DUS bestiller og utviklar sceniske tekstar skreven for ungdom, og som framførast av ungdom. Målet er å stimulere produksjonen av ungdomsteater.
Etter Molde-turen blir ei av gruppene vald ut til å representere fylket på den nasjonale festivalen på Det Norske Teatret i Oslo. For to år sidan var dei som no er tredjeklassingar i Oslo som representantar.
Vi ynkjar alle deltagarar masse lykke til i Molde, Både førsteklasse si "Super", tredjeklasse si "Nasjonal Prøve" og andreklasse si "Portrett av ein varulv"
Tvi tvi!
Bilete frå
Nasjonal prøve med Vg 3-elevane eller på smp.no
Reportasje i rb.nett frå DUS-festivalen med bilete