Tysk-Norsk Ungdomsforum i Düsseldorf

3 elevar frå Fagerlia har vore så heldige å få plass på Tysk-Norsk Ungdomsforum i Düsseldorf den 22.-25. september. Dei som skal reise er Celine Rødal-Kormeseth, Per Kåre Blomvik og Tobias Westerlund Blindheim.  Elevane får møte 100 andre ungdomar frå Noreg og Tyskland.

Tysk-Norsk Ungdomsforum vart arrangert for fyrste gong i Essen i 2006 og er støtta økonomisk og ideelt av det norske og det tyske utanriksdepartementet, German Norwegian Network og Ruhrgas.  Kvar konferanse har eit tema, og temaet i år er ”Energie. Was ist deine Kraft?”.  Hensikta med konferansen er at norske og tyske ungdomar i alderen 16-20 år kan treffe kvarandre, knyte venskap, utveksle idear og meiningar og ikkje minst få praktisere språk.  Vidare er fleire utdanningsinstitusjonar representerte og ungdomane får informasjon om utdannings- og  karrieremoglegheiter i dei to landa. Elevar frå Fagerlia som har vore med før, melder tilbake om ei flott helg der ein fekk bruke det tyske språket, vere med på kjekke aktivitetar,  høyre interessante foredrag,  fekk nye vener og elles hadde mykje moro.  Har du lyst å vere med neste år? Følg med på heimesida www.dnjf.org!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.