Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søk > Avansert

Avansert søk


Møte i samferdselsutvalet

Ny søknad om garanti for finansiering av bompengeprosjektet Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen på E136 i Møre og Romsdal er ei av sakene utvalet skal behandle på møtet.

Les meir

Signerte kontrakt for fire hurtigbåtruter i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune og Boreal Transport Nord AS har i dag signert kontrakt om drift av fire hurtigbåtruter i fylket.

Les meir

Frisk opning av ny passasjerterminal

Måndag 2. november vart det nye passasjerterminalen for hurtigbåten mellom Kristiansund og Trondheim opna. Leiar av samferdselsutvalet Kristin Sørheim klipte snora. 

Les meir

Styrka busstilbod mellom Åndalsnes, Vestnes og Ålesund

Frå 26 oktober blir det enklare og meir attraktivt for reisande å nytte bussen mellom Åndalsnes og Ålesund. På vekedagar blir det totalt sju daglege avgangar frå Åndalsnes.

Les meir

Alternativ transport for hurtigbåten Bolsøya-Molde måndag 26. oktober

Hurtigbåten mellom Bolsøya-Molde er innstilt måndag 26. oktober på grunn av mangel på mannskap, og det vil bli sett inn alternativ transport med buss/taxi rundt Osen i kveld.

Les meir

Innstilt hurtigbåt mellom Bolsøya-Molde fredag 23. oktober

Hurtigbåten mellom Bolsøya-Molde er innstilt fredag 23. oktober på grunn av tekniske problem, og det vil bli sett inn alternativ transport med buss/taxi rundt Osen i kveld.

Les meir

Hugs refleks i mørketida

Alle som ferdast ute i trafikken bør bruke refleks i haust- og vintermørket. Da blir det enklare for våre sjåførar å sjå deg – også ved stoppestadene.

Les meir

FRAM tek over ekspressbussrutene til Trondheim og Oppdal

Frå måndag 10. oktober vil ekspressbussrutene som køyrer på indre Nordmøre bli ein del av tilbodet til FRAM Ekspress. Dette gjeld rutene mellom Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim, Molde-Kristiansund-Trondheim og Kristiansund-Oppdal.

Les meir

Konkurransen for ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm er lyst ut

Måndag 19. september lyste Møre og Romsdal fylkeskommune ut konkurransen for dei to ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm, knytt til fylkesveg 61 og 60.

Les meir

Ålesund: 16.- 22. september går bybussane frå gateterminal i Keiser Wilhelms gate

I samband med europeisk mobilitetsuke 16. – 22. september testar Ålesund kommune ut gateterminal for buss i Keiser Wilhelms gate. I denne perioden går bybussane frå gateterminalen i staden for frå rutebilstasjonen.

Les meir