Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søk > Avansert

Avansert søk


Statsbudsjettet er skuffande

Det kjem ingen auka rammer til samferdsel frå staten i 2013. Rammene er berre prisjustert, noko som ikkje løyser våre utfordingar, seier samferdselsjef Arild Fuglseth.

Les meir

Heile 80 deltakarar og høg aktivitet på Planseminar om Samferdsel på Rica Seilet Hotel 03. og 04. oktober 2012

Heile 80 personar deltok på Planseminaret som samferdselavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen arrangerte 3. og 4. oktober. 23 av kommunane, fleire interessegruppe og fleire næringslag var med.

Les meir

Betre busstilbod og nye rutetider i Ålesund frå 20.august

Frå måndag 20. august vil kollektivtilbodet i Ålesund bli betydelig styrka med fleire bussavgangar, og meir effektiv transporttid både til flybussen, fastlandsbussen og by-bussen mellom Moa og Ålesund. Endringane i busstilbodet medfører nye avgangstider på nokre av rutene, og vi oppmodar reisande om å vere merksame på dette, seier samferdselssjef Arild Fuglseth. 

Les meir

Inviterer til dialog om organisering av trafikktryggingsarbeidet

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom Vegtrafikklovens § 40a, eit ansvar for å koordinere trafikktryggingsarbeidet i fylket. I samband med at det skal utarbeidast ein trafikktryggingsstrategi, ønskjer vi ein gjennomgang av organiseringa av samarbeidet med dei konsultative medlemmane til Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU). Dei konsultative medlemmane har møte- og talerett på møta i FTU.

Les meir

Planseminar - Handlingsprogram Samferdsdel 2013 – 2016 (2022):

Det vert arrangert planseminar Rica Seilet Hotel 03. og 04. oktober med tema Handlingsprogram Samferdsdel 2013 – 2016 (2022):

Les meir

Trafikktryggingsprisen 2012

Møre og Romsdal fylke deler kvart år ut ein trafikktryggingspris.

 

Les meir

Foredrag/presentasjonar til Planseminar - Handlingsprogram Samferdsel

Foredraga/presentasjonane til Planseminar - Handlingsprogram Samferdsel 03-04.oktober er no tilgjengelege.

Les meir

Trafikktryggingsprisen 2012

Møre og Romsdal fylke deler kvart år ut ein trafikktryggingspris. 

Prisen skal vere ein inspirasjon til alle som driv trafikktryggingsarbeid på frivillig basis. Prisen blir delt ut til organisasjonar, lag eller enkeltpersonar som har gjort eit særleg godt arbeid for trafikktrygginga. Prisutdelinga går føre seg på fylkestinget i oktober, og den består av eit kunstverk og kr 15000.

FTU ønskjer å få inn forslag på kandidatar til denne prisen. Forslaga må vere grunngjeve. Frist for å sende inn forslag er 20. august 2012.

Forslaga sendast til : FTU Møre og Romsdal, Samferdselsavdelinga, Fylkeshuset, 6404 Molde.

Les meir

Møte i samferdselsutvalet 21.08.12

 

Møte SA på Rica Seilet Hotel , Molde kl. 12.30

 

Les meir