Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søk > Avansert

Avansert søk


Journalsystem tannhelse

Journalsystem tannhelse

Utvekslingsår

I samarbeid med Rotary har Vg2-elevar tilbod om eitt års opphald og skulegang i utlandet. Stranda vgs har sendt elevar og tatt imot elevar frå fleire ulike land.

Kvart år har vi i tillegg elevar som følgjer opplegget i regi av andre organisasjonar, t.d AFS og EF.

Skottland:

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr gjennom Haram vidaregåande eit eige opplegg for Vg2-elevar i Skottland. Tilbodet er tilpassa norsk læreplan og har fått eit kvalitetsstempel.

Program 2018/2019

Alle elevar i 1. og 2. klasse ved Stranda vgs kan vere med på det internasjonale utvekslings­programmet vårt. Målet med programmet er å lære meir om historie, samfunn og kultur i eit anna land. Og ikkje minst, få nye venner.

Vi samarbeider med ein skule i Spania og ein i Nederland, og i løpet av året har vi tre konferansar: Ei veke her på Stranda, ei i Nederland, og ei i Spania.

Tema for konferansane er utforsking av kulturarv i eige lokalmiljø og i besøkslanda. Vi besøker bedrifter og turistattraksjonar, og vi bruker mykje tid saman gjennom sosiale samkome og aktiviteter.

Sjå dokumentet til høgre for meir informasjon og påmelding. Påmeldingsfristen er 10. juni 2018.