Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søk > Avansert

Avansert søk


Lite fokus på rekruttering av kvinnelige leiarar

I dag er berre 33 prosent av dei som har leiarstillingar i Møre og Romsdal kvinner. Landsgjennomsnittet er 35 prosent. Ser vi på kvinner i næringslivet, er kvinnedelen enno lågare. Kvinnene utgjer berre 15 prosent av dei som er dagelege leiarar i aksjeselskap i Møre og Romsdal og 12 prosent av styreleiarane i aksjeselskap. 

Les meir

To voldaelevar skreiv beste nynorskstil i 2017

Vi gratulerer fjorårets tredjeklassingar Sofie Fagervoll Heltne og Linn Antonie Vårdal Solheim som vinnarar av Fridjof Oos` legat for 2017.  Dette er eit legat som kvart år vert delt ut til dei tre beste nynorsktekstane skrivne til eksamen artium, og det er mange elevar frå Volda vidaregåande skule som har vunne denne prisen opp gjennom historia.

I fjor (2016) hadde skulen også to vinnarar, Lone Kathinka Elisabeth Vik og Karen Helset, og i år gjentok historia seg.

Her kan du lese meir om vinnarane, om tips dei har til skriftleg eksamen i norsk, og tekstene dei skreiv:

Les meir

Vinnarar av Oos-legatet2017

Elise Romundstad - Aerial tissue

UKM-fylkesfestival 2018 avvikla i Stordal

Helga 27.-29.april samla nær 400 ungdommar seg i Stordal til UKM fylkesfestival (tidlegare fylkesmønstring). Seks framsyningar med 95 sceneinnslag blei gjennomført i Stordalshallen, 48 kunstnerar hadde utstilling på bedehuset og 10 ulike verkstader blei gjennomført. Den viktigaste møteplassen for ung kultur blei ei innhaldsrik helg. 

Les meir